Hjem
Aktuelt
Internasjonalt samarbeid

20 år med Kina-samarbeid

Nordic Centre ved Fudan universitetet har vore viktig for å legge til rette for samarbeid og kunnskapsutveksling mellom nordiske og kinesiske forskarar og studentar, meiner Anne Christine Johannessen, viserektor for internasjonalisering.

Anne Christine Johannessen
INNSIKT I KINA: Viserektor for internasjonalisering, Anne Christine Johannessen, er glad for at fleire UiB-representantar har meldt seg på 20-årsmarkeringa til Nordic Centre Fudan. I 20 år har senteret vore ei viktig bru mellom akademikarar i Norden og Kina.
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

Nordic Centre i Shanghai er ein møteplass mellom nordiske og kinesiske forskarar og studentar. 25 nordiske universitet samarbeider med  Fudan universitetet, eit av dei beste universiteta i Kina.

Senteret vart etablert i 1995, med UiB som ein av initiativtakarane. Dermed er det klart for feiring av det 20 år gamle samarbeidssenteret.

 

Nærkontakt med kultur og språk

– Senteret representerer ein viktig kommunikasjon med Kina. Det hjelper oss til å forstå både kultur og språk, seier UiB sin viserektor for internasjonalisering, Anne Christine Johannessen.

Ho fortel at fakulteta ved UiB som har hatt tette band til senteret har hatt stor nytte av det, både når det gjeld forsking og studentutveksling.

– I tillegg vil eg framheve at det også har vore viktig for samarbeid mellom nordiske universitet. Sidan 25 universitet frå Norden er tilknytt senteret, vert det ein arena for nordisk samarbeid i tillegg, seier Johannessen.

 

Kina utviklar kunnskap

Kina er ein viktig samarbeidspartner bade for Noreg og UiB. I 2014 uttalte kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen at det var behov for ein nasjonal strategi for utdannings- og forskingssamarbeid med BRIKS-landa Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika.

– Signala frå Kunnskapsdepartementet er at desse landa vert stadig viktigare å samarbeida med. Kina er i ferd med å etablere seg som ein viktig utviklar av kunnskap. For UiB er det eit stort potensiale i å styrka samarbeidet med både Kina og Nordic Centre ved Fudan universitetet, seier Johannessen.

I 2015 tok UiB over ansvaret for å leia det kinesisk-nordiske samarbeidssenteret.

– Målet vårt framover er å synleggjera senteret meir ved UiB, og knyta UiB nærare til senteret. Vi vil styrke både senteret og samarbeidet, seier Anne Christine Johannessen.