Planlegg museum i Sør-Afrika
Blombos-hola i Sør-Afrika har gjeve oss nye kunnskapar om menneskeheita sitt opphav. No arbeider professor Christopher Henshilwood med å etablera eit museum nær den arkeologiske utgravingsstaden.

Hovedinnhold
Sidan Blombos-hola vart oppdaga tidleg på 90-talet har utgravingane fått fram uvurderleg informasjon om korleis menneskeheita har utvikla seg. Hola ligg kring 300 kilometer aust for Cape Town i Sør-Afrika.
Utgravingane starta i 1991, og det er jamnleg utført feltarbeid sidan 1997. Utgravingane pågår framleis. Blombos inneheld object som er daterte til kring 100 000 til 70 000 år før vår tid, i tillegg til ein anna sekvens som er kring 2000 til 3000 år gammal, frå sein steinalder.
Å foreina fortid og notid
Christopher Henshilwood, professor ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap ved Universitetet i Bergen (UiB) og University of the Witwatersrand, oppdaga hola og har leia utgravingane og forskinga. No planlegg han å etablera eit museum nær utgravingsstaden. Museet vil også innebera eit utdanningsprogram og eit handverkssenter.
Barn skal vera i sentrum på museet, som vil bruka forhistoria og den nære fortida i den sørlege regionen av Afrika som eit verktøy for å forsona fortid og notid.
Vårt afrikanske opphav
– Det vil vera viktig for oss å få fram at Afrika er menneskeheita sin fødestad. Afrika er staden der tidleg menneskeleg åtferd og kan hende også andeleg tru utvikla seg først. Det er opphavet til alle levande menneske, seier Henshilwood.
Han og samarbeidspartnerane arbeider med leiande museumsdesignerar i planleggjinga av museet.
– Det kjem til å verta eit fantastisk konsept-museum, med ny teknologi. Eg trur prosjektet kan bryta ned forestilte grenser basert på kultur, religion og rase og skapa ei ny kjensle av å vera stolt over vårt felles afrikanske opphav, seier Henshilwood.