Hjem
Aktuelt
Forsking

Pioner innan algoritmeforsking til UiB

Den anerkjente forskaren Michael Fellows har takka ja til ei stilling på Institutt for informatikk ved Universitetet i Bergen.

Michael Fellows, portrettbilkde
PIONER INNAN ALGORITMAR: Professor Michael Fellows har både amerikansk, kanadisk og australsk pass, og er kjent for å vera ein pioner innan informatikk. I januar vert han offisielt tilsett som professor ved UiB.
Foto/ill.:
Jens Helleland Ådnanes

Hovedinnhold

Professor Michael Fellows er ein leiande informatikk-forskar, og er kjent for sitt pionerarbeid på temaet parameterisert kompleksitet eller ”parameterised complexity”, ei viktig ny grein innan teoretisk informatikk.

Fellows har no skrive under kontrakten med Universitetet i Bergen (UiB), og vil offisielt ta til som professor ved Institutt for informatikk i januar 2016.

 

UiB best i verda på algoritmer 

Han er også rekna som ein av grunnleggjarane av multivariabel algoritmedesign eller ”multivariate algorithm design” som har spelt ei viktig rolle innan bioinformatikk og algoritmar for DNA-sekvensering.

 – UiB har den sterkaste gruppa i verda innan dette feltet. Det er ein av hovudgrunnane til at eg ville kome til universitetet, seier Fellows.

 Han fortel at Algoritmegruppa ved UiB har hatt ei sterk utvikling dei siste åra.

– Og på eit vis hadde eg ei hand med i spelet. Kona mi og eg vitja Bergen i tre månader i 2005, og eg føreleste om ”multivariate algorithms”. Forskarane her vart interesserte, og seinare fekk dei fleire store stipend for å utvikla forskinga. Med tida vart forskingsgruppa i Bergen eit kraftsentrum for algoritmeforsking.

Frances Ann Novak Rosamond, Fellows si kone, vert med til Bergen. Rosamond er ein anerkjent informatikk-forskar, med forskingsinteresser innan informatikk-utdanning og parameterisert kompleksitet.

 

Skapar forsking i verdsklasse

Tilsetjinga av Fellows vert gjort gjennom ”kalling” (sjå faktaboks). Dette er eit ledd i universitetet si satsing og svar på regjeringa sin politikk for satsing på forsking i verdsklasse.

Instituttleiar ved Institutt for informatikk, Petter E. Bjørstad, er glad for at forskingsmiljøet får to forskarar i verdsklasse.

– Dette er viktig for oss, og eg er glad for at UiB har støtta oss i å få Fellows hit, seier Bjørstad.

Han trur Fellows vil inspirera både forskarar og studentar ved instituttet.

– Michael vil vera ein god samtalepartner for dei yngre. Vi er ei mangfaldig gruppe, men vi har sakna ein eldre og erfaren forskar. Både Michael og Fran har ein klar plan fopr det dei vil utretta her, seier Bjørstad.

Ein av dei viktigaste tinga Fellows vil oppnå når han kjem til Bergen er å gjera multivariable algoritmer meir konkret.

­– Europa er leiande innan multivariable algoritmer, med Bergen som det sterkaste senteret. Teorien har utvikla seg matematisk, no er det på tide å setja teori ut i praksis.