Hjem
Aktuelt
Horisont 2020

EU-støtte til unikt marint prosjekt

UiB vert koordinator i eit EU-støtta forskingsprosjekt som skal kartlegga svamp i Nord-Atlanteren. Prosjektet er eit stort løft for utforskinga av lite kjende djuphavshabitat og kan gi både miljømessige og medisinske vinstar.

svampebotn på 600 meters djup i Schultz-massivet, vest for Bjørnøya.
SVAMP MED POTENSIALE: Svampebotnar i djuphavet er sårbare og har stor betydning for heile stoffkrinsløpet i havet. Her er ein svampebotn på 600 meters djup i Schultz-massivet, vest for Bjørnøya.
Photo:
Hans Tore Rapp

Innhold

Prosjektet SponGES: Deep-sea Sponge Grounds Ecosystems of the North Atlantic får 10 millionar euro eller kring 90 millionar norske kroner i støtte over fire år av EU sitt forskings- og innovasjonsprogram Horisont 2020 (H2020). UiB vert koordinator i prosjektet, der 18 andre universitet og senter er med som partnarar, mellom andre Bedford Institute of Oceanopgraphy og Universitetet i Uppsala. 

– Svampebotnar kan samanliknast med korallrev. Det er sårbare og sakte veksande miljø, som er truga av mellom anna klimaendringar, fiskeri, olje og gass, seier Hans Tore Rapp, professor ved Institutt for biologi.

 

Koordinert frå UiB

Rapp skal leia prosjektet, som legg stor vekt på ei tverrfagleg tilnærming, med forskarar frå mellom anna marinbiologi, biosystematikk, genomikk, geobiologi og ressursforvaltning. Prosjektet skal leiast og koordinerast frå UiB.

– Det er stort for fagmiljøet. Prosjektet er eit resultat av ei mangeårig satsing på djuphavsforsking ved Institutt for Biologi og Senter for Geobiologi og går rett inn i UiB sin nye strategi og satsing på marin forsking og klima. No når vi óg er i gang med etablering av eit nasjonalt senter for djuphavsforsking ved UiB er dette den beste starten vi kunne ha fått, seier Rapp. 

Hovudmålet med SponGES er å kartleggja og undersøkja svampeøkosystem i Nord-Atlanteren for å leggje eit solid kunskapsgunnlag i grunnen for å bevara og å kunna legga til rette for å utnytta desse svampebotnane på eit berekraftig vis. Svampebotnar er eit av dei mest mangfaldige, økologisk og biologisk viktige og sårbare økosystema i djuphava.

 

Gjennom EU-nålauget 

H2020 er rekna som det største forskingsprogrammet i verda, og for å få støtte må ein vera i den absolutte verdseliten.

Evalueringa av SponGES ser på prosjektet som ambisiøst og med stort potensiale:

“Prosjektet vil flytta forskingsfronten framover og auka kunnskapsbasen om svampebotnar, deira potensiale for teknologisk utvikling og korleis dei bør vurderast når ein skal planlegga naturforvalting.”

– Hans Tore Rapp er del av forskingsmiljøet ved GeoBio-senteret, eit av sentra for framifrå forsking (SFF) ved fakultetet. Det er svært positivt at vi får stadfesta at dette er eit av dei beste forskingsmiljøa ved fakultetet gjennom H2020-tildelinga, seier dekan på Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, Helge K. Dahle.

Han legg til at tildelinga er ekstra viktig når SFF-en no er inne i siste periode av tildelinga og skal vidareførast på andre måtar.

 

Berekraft i havet

SponGES skal utvikla ei økosystem-basert tilnærming for korleis ein best kan ta vare på og utnytta svampefelta. Dette skal skje gjennom å styrka kunnskap, betra innovasjon, og kunna forutsjå endringar. Svampefelta i heile Nord-Atlanteren skal kartleggjast, frå Portugal og Florida i sør og heilt opp i arktiske strøk.

– Prosjektet er først og fremst eit grunnforskingsprosjekt, og målet vårt er å finna ut kva som skal til for at slike samfunn fungerar og består, og korleis vi skal forvalte dette på ein best mogeleg måte, seier Rapp.

Eit anna viktig mål for prosjektet er å opna opp for innovasjon kring medisinutvikling. Ved å sjå nærare på kva forbindingar svampane produserer kan ein finna ut om det finst stoff med potensiale for vidare utvikling.

– Svampane har til dømes svært sterke skjelett-strukturar. Det kan vera viktig for dei som forskar på korleis ein skal rekonstruera bein. Det er eit breitt spekter av medisinske potensiale.

Prosjektet tar til rundt nyttår. Alt neste sommar er det klart for det første toktet i prosjektet.