Hjem
Aktuelt
Ph.D.-intervjuet

Pollen frå fortida fortel om framtida

Vivian Astrup Felde studerer forholdet mellom pollen og planter for å forstå endringar i norsk vegetasjon gjennom tusenvis av år. Det kan gi svar på kva vi kan forvente oss av framtida.

Vivian Astrup Felde
OMFATTANDE UNDERSØKING: Vivian Astrup Felde brukte to somrar på å kartleggje vegetasjonen rundt 52 innsjøar i Setesdal-området.
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

I avhandlinga di ser du på biologisk mangfald over tid, men kva er biologisk mangfald?

– Biologisk mangfald blir òg kalla biodiversitet, og dette omfattar alle ulike typar livsformer som finst på jorda. Så det kjem heilt an på kva skala du vil undersøke. Eg er biolog og studerer planter og er difor opptatt av plantemangfaldet eller vegetasjonen i ulike økosystem. Det finst mange metodar for å estimere biomangfald eller biodiversitet. Generelt blir det sett på som eit enkelt mål for kor funksjonelt eit økosystem er i samanlikning med andre.

Kvifor er det viktig å kartleggje biologisk mangfald bakover i tid?

– Vegetasjonen vi ser i dag, er ein del av ei historie, altså noko som har endra seg over tid. Det er interessant av historiske grunnar, og dersom vi får vite korleis ting har endra seg i fortida, så kan det hjelpe oss å forstå kva som kan skje i framtida.


Korleis då?

– Til dømes kan vi studere korleis vegetasjonen har endra seg frå siste istid og fram til i dag. Det er mange ulike faktorar som spelar inn, som endringar i klimaet og menneska sin påverknad, og som gjer at naturen endrar seg.


I prosjektet ditt har du mellom anna studert pollen, kvifor det?

– Pollen er eit godt analyseobjekt når ein vil finne ut korleis vegetasjonen har endra seg gjennom tidene. Dersom ein analyserer pollenprøvar, kan ein finne ut kva art dei ulike pollenkorna stammar frå. Problemet er at planter produserer ulik mengde pollen, og spreier seg ulikt.


Kvifor er det problematisk?

– Nokre pollentypar blir svært lett spreidde med vinden, medan andre blir spreidde via insekt. Ofte ser vi at dei treslaga som dominerer pollenprøvene er dei som produserer mykje pollen eller lett blir spreidde med vinden, mens det finst lite eller ingenting av planter som produserer lite pollen eller blir spreidd med insekt. Pollen som blir spreidd over lengre distansar kan også være til stades i pollenprøvar der planten ikkje finst i området der prøva stammar frå. Samstundes klarer vi ikkje å identifisere alle pollentypar til art, men må nøye oss med slekt eller familie. Dette gir eit skeivt tilhøve mellom talet på artar i vegetasjonen og talet på pollentypar i ein pollenprøve.


Korleis har du jobba, heilt konkret?

– Eg har kartlagt vegetasjonen rundt 52 innsjøar i Setesdal-området, frå Haukeli til Kristiansand og litt i Telemark, der vi allereie hadde tilgjengelege og ferdig analyserte pollenprøvar som var tatt ut av sediment henta ifrå desse innsjøane. Pollenprøvar frå toppsedimenta representerer dagens forhold. Eg brukte to somrar på å gå rundt desse innsjøane og notere alle planteartane eg fann, og utbreiinga av dei. Etter at den jobben var gjort, starta arbeidet med å prøve å finne samsvar mellom samansetjinga og mengda av pollen og planter ved hjelp av ulike statistiske metodar.


Kva er det viktigaste med forskinga di, syns du?

– Å prøve å finne ein metode som kan brukast for å forbetre estimata frå fortida, for å få eit meir nøyaktig bilete av korleis artsrikdommen og artsmangfaldet har endra seg gjennom tidene. Det er likevel svært vanskeleg å finne heilt hundre prosent ut av det. Det er så mange feilkjelder. Eg trur ikkje det er mogleg å finne ut nøyaktig kor mange artar som har vore på eit bestemt område tidlegare. Men det er om å gjere å sørgje for at det er riktige forholdstal, i alle fall når det gjeld samanlikning av ulike vegetasjonstypar.


Kva gjer du på no, og kva drøymer du om vidare?

– Eg er tilsett i eit mellombels prosjekt fram til desember. Eg analyserer  eit datamateriale frå Columbia som er 1,2 millionar år gamalt. På sikt er draumen min å få ei stilling som postdoktor. Eg har verkeleg lyst til å halde fram med forsking!