Hjem
Aktuelt
Medisin

Reddar barn frå HIV

12 månadar med flytande HIV-medisin til spedbarn som vert amma av HIV-positive mødre beskyttar barna mot infeksjon, viser ein ny studie publisert i The Lancet.

Leikande barn, illustrasjonsbilete
LØYSINGA PÅ EI KRISE: Spedbarn som vert amma av HIV-positive mødre kan reddast frå å verta smitta, viser ny forsking publisert i det medisinske tidsskriftet The Lancet. Illustrasjonsfoto.
Foto/ill.:
Colourbox.com

Hovedinnhold

– 37 millionar menneske lever med HIV i dag. Studiet vårt gir håp om at færre barn i låginntektsland vil verta smitta i framtida, seier professor Thorkild Tylleskär ved Senter for internasjonal helse ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

Spedbarn som får bryst av HIV-smitta mødre er sterkt utsette for å verta smitta. Ei studie frå fire land i Afrika viser at å gi slike spedbarn flytande medisin mot HIV-smitte er ein svært effektiv måte å beskytta barna mot infeksjon. Dette gjeld også 6 til 12 månadar etter fødselen, ein periode som ikkje er analysert i tidligere forskning. Forskingsresultata er publiserte i det anerkjente medisinske tidsskriftet The Lancet.

Thorkild Tylleskär og Philippe Van de Perre har hatt felles ansvar for studien, som har vore eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen (UiB) og Institut national de la Santé et de la recherche médicale, Frankrike.

 

Løysinga på ei krise

Medan smitte fra mor til barn er så godt som utsletta i Europa, er låginntektsland ikkje kvitt problemet.

– Ein liten by med 100 000 innbyggjarar i Afrika kan ha fleire HIV-smitta barn enn alle barn med HIV i Europa og USA til saman. Dette problemet er enormt, seier Tylleskär.

Tylleskär og hans forskarkollegaer utførte ei randomisert kontrollert studie av ammande barn fødde av HIV-smitta mødre på fire stader i Burkina Faso, Sør-Afrika, Uganda og Zambia. Desse mødrene var enno ikkje kvalifisert for antiretroviral behandling i høve dei dåverande retningslinjene. Barna var delte i to grupper som fekk to ulike legemiddel, eller profylakse. Begge viste seg å vera effektive.

"Vi har bevist at risikoen for smitte er svært låg når ein beskytter barna med dei rette medisinane. Ein kan sammenlikna det med å ta medisiner som førebyggjer malaria når ein skal til eit område med høy risiko for å pådra seg sjukdomen, "seier Tylleskär.

 

Får mødre til å forstå

Mange mødre som finn ut at dei har HIV, får antiretroviral behandling. I desse tilfella er det ikkje naudsynt å behandla barna, med mindre HIV-smitten vert oppdaga for seint hjå mødrene. 

Tylleskär ønskjer at funna skal brukast i praksis, og løysa eit stort problem. Skal det skje må Verdas helseorganisasjon (WHO) evaluera resultata og ta dei med i sine nye retningslinjer. De fleste regjeringar vedtek ikkje nye retningslinjer før WHO har gjeve si godkjenning.

– Det neste steget i forskinga vår er å finjustera korleis testinga og medisinane vert tilbydd. Vi håpar dette vil gjera at endå fleire mødre forstår at barna deira kan beskyttast mot HIV, og korleis dei kan beskyttast, seier professoren i global helse.