Nytt studium skal hjelpe arbeidslause ingeniørar
Frå nyttår av får Universitetet i Bergen eit nytt lærarstudium som er retta mot ingeniørar.

Hovedinnhold
– For oss som universitet er det viktig å kunne gi tilbod om omskolering som følgje av endringar i arbeidsmarknaden. Me bør kunne vere med å tilretteleggje for slike omstillingsprosessar når dei oppstår, seier Oddrun Samdal, viserektor for utdanning ved Universitetet i Bergen.
Plass til 70
Som et tiltak for å bøte på arbeidsløysa blant ingeniørar har Kunnskapsdepartementet (KD) tildelt 35 nye PPU-plassar til eit nytt studium i praktisk pedagogisk utdanning ved Universitetet i Bergen. UiB velger å bruke tildelinga til 70 deltidsplassar for realfag.
– Med dette studiumet kan me løysa eit lenge observert behov for fagkompetanse og eit akutt behov for omstilling, noko som også legg grunnlag for at tilbodet vil kunne bestå over lengre tid, også om konjunkturane i oljemarkedet skulle snu igjen.
PPU- deltid for matematikk og naturfag startar opp hausten 2016. Deltids-studiet opnar for at ein ikkje må ha all fagbakgrunn på plass før studiet startar, og at ein kan ta dei faga ein manglar parallellt med studiet.
Søkjarar som manglar fag kan bruka vårsemesteret 2016 til å supplera fagutdanninga si ved UiB. Fyller ein opp krava til fagutdanning i løpet av våren 2016, kan ein byrja rett på PPU på heiltid frå hausten av. PPU deltid går over to år.
Viktig samfunnsoppdrag
– Me er glade for å kunne bidra å løyse utfordringar i arbeidsmarkanden i ei tid der mykje tradisjonell industri på Vestlandet møter utfordringar. Me ser på det å vere fleksible med omsyn til nye studietilbud som del av vårt samfunnsoppdrag, samstundes som me her bidrar til å utdanna kompetanse som samfunnet verkeleg har behov for, seier Harald Walderhaug, prodekan for utdanning ved Det matematisk- naturvitenkapelige fakultet.
Aukande behov
– Alt tyder på at det vil bli eit aukande behov for godt kvalifiserte realfaglærarar i skulen i dei kommande åra. Dette skuldast både at mykje av den lærerstaben som er der i dag nærmar seg pensjonsalder, og at krava til realfagsbakgrunn frå videregåande skule for å få opptak til matematisk-naturvitenskapelig utdanning er i ferd med å bli skjerpa nasjonalt sett, sier Walderhaug.
– Me ser også det å utdanna gode og inspirerande realfagslærar som kanskje den viktigaste mekanismen til å rekruttera dyktige og motiverte studentar til våre eigne utdanningsprogram. At Kunnskapsdepartementet har gitt oss høve til å tilby nye studieplasser som et deltidsstudium, gjer at me er i stand til å nå to viktige nye målgrupper som må kombinere sine PPU-studier enten med jobb eller andre kvalifiserande studier. Den første gruppa er ufaglærte som alt jobbar i skulen, men mangler formell pedagogisk og didaktisk kompetanse. Den andre gruppa er sivilingeniørar som ønskjer å få seg jobb i skulen, og parallelt med PPU-studiet har behov for å supplera den faglege bakgrunnen sin inn mot dei enkelte skulefaga for å møte formelle krav.