Hjem
Aktuelt
Forsking | Samfunnsfag

Barn som skal i fosterheim blir ikkje høyrt

I nærare sytti prosent av sakene der barn skal takast frå foreldra, er barns stemme nesten fråverande. – Eit urovekkande høgt tal, seier professor Marit Skivenes.

Barn, illustrasjonsbilete
BLIR IKKJE HØYRT. 7 av 10 barn vert ikkje høyrt i saker der barn vert tekne frå foreldra sine, i følgje eit forskingsprosjekt frå UiB. Illustrasjonsbilete.
Foto/ill.:
Colourbox.com

 – Vi er overraska, særleg på grunn av den sterke vektlegginga i lova av at barnet skal bli høyrd. Funna våre tyder på at den viktigaste personen i omsorgsovertakinga, barnet,  ikkje er sentral når avgjersla skal takast. Fylkesnemnda er eit juridisk forum som skal være særskilt opptatt av lova, og når dei i såpass mange saker lar barna si stemme vere  fråverande er det urovekkande, seier Marit Skivenes, professor ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap.

Ho leiar det internasjonale forskingsprosjektet "Legitimacy and Fallibility in Child Welfare Services: A Cross-Country Study of Decision-Making".

Har analysert 53 saker

Ho står bak artikkelen The Child’s Opinion and Position in Care Order Proceedings” som nyleg er publisert i The International Journal of Children´s Rights. Her presenterer Skivenes, som er tilsett ved Institutt for Administrasjons- og organisasjonsvitskap ved UiB, og Anne-Mette Magnussen frå Høgskolen i Bergen funn frå 53 saker frå 2007 til 2013 der barn mellom 5 og 11 år skal flyttast ut av heimen.

Materialet viser at i sju av ti tilfelle er barnet ikkje nemnt, eller nemnt berre svært kort i Fylkesnemnda sine skriftlege avgjerder. I resten av sakene er barnet høyrt og barnets ønsker vektlagt, men barnets perspektiv på situasjonen er sjeldan referert til. I 18 av dei 53 sakene hadde barna ingen talsperson, slik dei har krav på etter lova, og dette viste seg særleg å gjelde dei yngste barna.

Barnevernlova vart revidert i 2014, og det kom ein ny lovheimel som stadfester at det er viktig å høyre kva barnet meiner, mellom anna heiter det: "Barnet skal gis mulighet til medvirkning og det skal tilrettelegges for samtaler med barnet.” Det er også lovpålagt å gje barna talsperson.

Tysklands barnevennlege rettssystem

Barnevernsforskaren fortel at det i Noreg er sjeldan at dommaren snakker med barnet og at dette ikkje er ein del av dommarens trening. Ho meiner at Noreg har ein veg å gå før vi har barnevenlege domstolar.
– Norge ønskjer å sjå på oss sjølve som eit foregangsland når det gjeld barns rettar, men når det gjeld domstolssystemet og barns deltaking der,  har til dømes Tyskland komme nokre skritt lengre enn oss. Dei har ei domstolsordning der dommeren sjølv snakkar med barnet, ned til barnet er tre år. I vårt utval er det kun i eit fåtall av sakene at barnets eigen beskrivelse er tatt med på ein utfyllande måte eller at barnet er godt synleg i saka. Men dei sakene der det er fleire referansar til barnas eigne synspunkt viser at det er fullt mogleg.

Barn har ulik motstandskraft

Skivenes meiner at det å lytte til barnet dreier seg om å få informasjon og ikke minst å respektere barnet som eit individ, uavhengig av resultatet av saka.

– Barn har veldig ulik motstandskraft, dette er det relevant for dommaren å finne ut av. Med andre ord; kva er viktig for barnet. Vi treng meir barnevennlege domstolar både i språk og utforming, seier Marit Skivenes, som er særleg bekymra for dei minste ungane, som ho meiner treng særlig støtte, men lettast blir avfeid som for unge til å ha noko å seie.