Hjem
Aktuelt
Forsking | Samfunnsvitskap

Etablerer unikt digitalt laboratorium ved UiB

Elisabeth Ivarsflaten skal leia eit nytt laboratorium som representerer UiB og Bergens Forskningsstiftelse si største satsing nokon sinne på infrastruktur innan feltet. Ho meiner laben kan gjera UiB til ein av dei mest interessante stadane for samfunnsvitskapleg utdanning og forsking i Europa.

Elisabeth Ivarsflaten
INNSIKT I FOLKEMEININGA: Ved hjelp av støtte frå Bergen Forskningsstiftelse kan førsteamanuensis Elisabeth Ivarsflaten etablera DIGSSCORE, eit unikt prosjekt som kan fortelja oss om nordmenn sine verdiar og synspunkt.
Foto/ill.:
Paul Sigve Amundsen

Hovedinnhold

– Det blir eit kjempeløft for samfunnsvitskapen og for tverrfaglig forsking i Noreg, seier Elisabeth Ivarsflaten, førsteamanuensis ved Institutt for samanliknande politikk.

Ivarsflaten er grunnleggjaren av det første internettpanelet for forskingsformål i Norge, Medborgerpanelet. No skal den digitale infrastrukturen  utvidast.

Ved hjelp av 20 millionar kroner frå Bergens Forskingsstiftelse (BFS) etablerer no Medborgerkonsortiet Kjernefasilitet for digital samfunnsvitenskap ved UiB (Digital Social Science Core Facility), DIGSSCORE.  DIGSSCORE vidareutviklar og utvidar Medborgerpanelet og etablerer ein profesjonell computerlab: Medborgerlaben.

Med dette vert DIGSSCORE ein av UiB sine største samfunnsvitskaplege satsingar på infrastruktur nokonsinne og den første infrastrukturen innan samfunnsvitskapen som får støtte frå BFS. Forskingsgruppa The Choice Lab ved Norges Handelshøyskole og UniResearch Rokkansenteret skal vera partnerar i prosjektet.  Totalbudsjettet vert på 53,8 millionar kroner.

Unikt i Noreg

Kjernefasiliteten skal brukast innanfor fleire  tverrfaglege forskingsfelt med forskarar frå humaniora, samfunnsvitskap, jus og psykologi, og vert den einaste av sitt slag i Noreg.

– Dette er veldig spanande! Vi er stolte av dette og svært glade for at Bergen forskningsstiftelse har bidratt til å finansiere dette prosjektet, seier Knut Helland, dekan ved Det samfunnsvitskaplege fakultet.

Han legg vekt på at Medborgerpanelet har gitt svar som er viktige for å handtera store samfunnsutfordringar, som klima- og energiomstilling, etnisk mangfald og helse. Medborgerpanelet og dei tilknytta forskarane er i den internasjonale forskingsfronten og det er knytta verdsleiande forskarar til den vidare utviklinga, i følgje Helland.

– Panelet har stor tverrfagleg kraft. Resultata herfrå er interessante for verksemd ved alle fakulteta våre, og for alle UiB sine satsingsområde og klynger, seier han.

Digital revolusjon

Norske innbyggjarar brukar meir enn to timar på internett kvar dag. Nesten kvar einaste norsk medborgar har tilgang til internett heime eller på jobb. Det norske samfunnet er massivt digitalisert dei siste åra. 

– Det endrar samfunnet vårt. For samfunnsvitskapane inneber dette store muligheiter, heilt andre enn for berre ti år sidan. No kan vi få svar på spørsmål vi ikkje tidlegare trudde det var mogeleg å få svar på, til dømes om ytterleggåande meiningar i det norske samfunnet, seier Ivarsflaten.

Den nye kjernefasiliteten grip desse muligheitene. Medborgerpanelet og –laben skal driva nyskapande og verdsleiande forsking på samfunn og politikk innanfor fleire felt.

Det digitale skiftet opnar opp for meir eksperimentering, fordi spørsmåla ein stiller til deltakarane kan randomiserast.. I tillegg kan ein be deltakarane om å skildra tankane sine rundt eit spørsmål med eigne ord, noko som i tradisjonelle survey-undersøkjingar har vore svært kostbart. Forsking som tidlegare tok fire år kan gjerast på nokre dagar no, og fylla alle vitskaplege krav.

– Skiljet mellom kvantitativ og kvalitativ forsking kan forvitra. Vi kan bruka algoritmar for å lesa ord. Det er ein heilt ny måte å gjera dette på, utan at ein legg føringar på kva deltakaren skal svara, seier Ivarsflaten. 

Studerer haldningar over lengre tid

Det digitale skiftet gjer det enklare både å ta kontakt med deltakarar og å samla inn data. Det gjer det mogeleg å studera haldningar over lengre tid, fortel Ivarsflaten.

Ho og forskarteamet har valt ut nokre problemstillingar dei vil følgja over tid, mellom anna etnisk mangfald, helsefeltet og klimaendringar. Innanfor alle desse temaa kan ein  venta seg store endringar. Noreg, med sin oljerikdom, er spesielt interessant med tanke på energi og klima.

– Vi har så mange respondentar at vi kan sjå korleis menneske som jobbar i oljeindustrien forheld seg til klimaproblematikk versus andre. Vi vil vera samfunnsrelevante, seier Ivarsflaten.

I tida som kjem vil ein sjå på nye problemstillingar. Støtta frå BFS gjer at ein kan utvida datainnsamlingane frå to til tre gongar årleg.

Internasjonalt samarbeid

To år etter etableringa av Medborgerpanelet er det arbeidd fram eit godt internasjonalt rykte og eit solid fagleg nettverk. Panelet vert brukt av fleire forskingsgrupper ved UiB. Ikkje minst er Medborgerpanelet brukt av fleire internasjonale forskarar og forskingsgrupper, mellom anna ved dei høgt rangerte amerikanske universiteta Stanford, Harvard og Yale. DIGSSCORE vil styrka dei internasjonale samarbeida, meiner Ivarsflaten.

– Det er lett å merka at mange ser potensialet i dette og er interesserte i å vera med. Fleire internasjonale samarbeidspartnarar ser at dette er eit dynamisk prosjekt, ein tverrfagleg motor som skaper nye og konkrete resultat, seier ho.

Den store ambisjonen i dei næraste åra er å utnytta den nye teknologien til fulle i samfunnsvitskapen. Ho vil også skapa meir samarbeid mellom fagfelta, til dømes mellom humaniora og samfunnsvitskapane.

– Begge deler må til for å få fram ny og viktig kunnskap. Eit sekundært mål er å løfta den digitale og tekniske kompetansen innan samfunnsvitskapane, noko samfunnet vil trenga meir av i framtida og som vil kome studentane ved UiB til gode.  DIGSSCORE vil bidra til å gjera UiB til ein av dei mest spennande stadane å studera samfunnsvitskap i Europa, meiner Ivarsflaten.