Hjem
Aktuelt
Forskingsstøtte

Toppforskmiddel til åtte prosjekt ved Universitetet i Bergen

Åtte prosjekt ved UiB får mellom 15 og 25 millionar kroner over fire til fem år. Toppforsk støttar forskingsmiljø som kan verta internasjonalt leiande.

Forsking, illustrasjonsbilete
STØTTE TIL SATSINGSOMRÅDA: Åtte prosjekt ved UiB får Toppforsk-pengar frå Forskingsrådet. Fleire av prosjekta skal forska på hav, klima eller globale samfunnsutfordringar, UiB sine satsingsområde.
Foto/ill.:
Alexander Hovland

Fleire prosjekt ved Universitetet i Bergen (UIB) (sjå faktaboks) får mellom 15 og 25 millionar kroner, som vert gjevne over fire eller fem år. FRIPRO Toppforsk er eit spleiselag mellom universiteta eller andre forskningsinstitusjonar og Kunnskapsdepartementet sine middel via Forskningsrådet. I alt får 46 prosjekt støtte på nasjonalt nivå.

Midla går kun til prosjekt som har oppnådd høgast rangering av internasjonale fagpanel. Universiteta har sjølve valt ut kva prosjekt som skal få støtte frå ei liste over alle dei høgaste rangerte prosjekta ved sin institusjon.

– Denne støtta er viktig for oss. Det hjelper oss å skapa internasjonalt leiande forskingsmiljø, seier rektor ved UiB, Dag Rune Olsen.

Nye idear og løysingar

– Forsking og innovasjon er eitt av denne regjeringa sine viktigaste satsingsområder. Dersom vi skal klare omstillingen vi står midt oppe i, er vi avhengige av nye idear og løysingar som kan skapa nye arbeidsplassar og nye verdiar, seier statsminister Erna Solberg i ei pressemelding frå Forskingsrådet.

Statsministeren skildrar Toppforsk som ei ny og målretta satsing for å sikra god, langsiktig finansiering til forskningsmiljø som kan verta internasjonalt leiande innan sine felt. 

Frå psykologi til matematikk

Prosjekta som vert støtta høyrer heime ved fire fakultet og eit forskingssenter.

– Det er svært positivt at støtta når breitt ved UiB, støtta kjem til disiplinar frå psykologi til matematikk. Vi skal også vera nøgde med at prosjekta tar sikte på å å svara på dei store utfordringane verda står framfor, noko som også er UiB sine mål, seier Dag Rune Olsen.

UiB har tre satsingsområde: marin forsking, globale samfunnsutfordringar samt klima og energiomstilling. Desse er vedtekne i strategien for universitetet. Fleire av prosjekta som får støtte har problemstillingar som samsvarar med satsingane.

Analyserer offentleg debatt i Skandinavia

Professor Jostein Gripsrud ved Institutt for informasjons- og medievitskap er leiar for prosjektet The Immigration Issue in Scandinavian Public Spheres 1970-2015 (SCANPUB), eit av prosjekta som har motteke Toppforsk-støtte frå Forskingsrådet.

– Prosjektet tek utgangspunkt i ein generell observasjon av at dei skandinaviske landa Danmark, Noreg og Sverige, trass sine likskapar og nære band, har ein høgst ulik offentleg debatt når det gjeld temaet immigrasjon. Landa har utvikla svært ulike retningar for sin politikk på området, seier Gripsrud.

I samandraget for SCANPUB-prosjektet ønsker forskarane å analysera og sammenlikna offentlege diskusjonar kring innvandring i Skandinavia. Forskarane meiner at temaet er både høgaktuelt og særdeles passande for å observera korleis liberale demokrati taklar viktige og komplekse samfunnsspørsmål.

Vår fjerne slektning tunikaten

– Svært nært oss og vår store familie av kverveldyr (pattedyr, fuglar, fiskar osb) finn ein våre slektningar, kalla tunikatane. Tunikatar lever i havet, og liknar litt på oss, men er mykje mindre komplekse. Vi har fleire grunnar til å tru at anatomien deira er ein regresjon frå ”bestefaren” vi deler med dei, seier Daniel Chourrout, som leier prosjektet Accelerated Evolution in Chordates and the Origin of Larvaceans ved Sars International Centre for Marine Molecular Biology.

Prosjektet vil prøva å utfordra dette synet og forstå korleis ein slik anatomisk tilbakegang kunne skje.

– Dette inkluderer å forska på korleis forskjellige molekylære mekanismar er med på denne utviklinga, men også å sjå korleis gensetta til tunikatane har utvikla seg til å skapa eit gensett som er så forskjellig frå vårt, seier Chourrout.