Hjem
Aktuelt
Forsking | Arkeologi

Menneska utvikla seg ved å dele teknologi og verktøy

Våre stamfedre utvikla seg og spreidde seg over heile jordkloden ved å byta og forbetra teknologien sin. Forsking frå Universitetet i Bergen viser at kulturelle møte har vore naudsynt for at menneskeslekta vaks fram.

Blombos - utgraving
UTGRAVING I FORTIDAS TEKNOLOGI: Forskarar frå UiB og Witswatersrand har funne ut at kontakt mellom kulturar har vore naudsynt for at menneskeslekta kunne utvikla seg og overleva.
Foto/ill.:
Magnus M. Haaland

Blombos-hola i Sør-Afrika har gjeve oss store kunnskapar om våre tidlege forfedre. I løpet av 2015 vart fire opent tilgjengelege artiklar publiserte i tidsskriftet PLOS ONE, alle med forskingsfunn frå hola som utgongspunkt.

– I hovudsak har me sett nærare på den delen av Sør-Afrika der Blombos-hola ligg. Me ville finna ut korleis grupper flytta seg i landskapet og korleis møta mellom dei var, seier Christopher Henshilwood, professor ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap og University of the Witwatersrand. Han er ein av hovudforfattarane av artiklane.

Teknologi frå steinalderen

Blombos-hola vart oppdaga tidleg på 90-talet, om lag 30 mil aust for Cape Town i Sør-Afrika. Sidan har hola gitt forskarar viktig informasjon om menneskeslekta si utvikling. Hola vart først utgraven i 1991, og feltarbeid er jamnleg utført sidan 1997. Blombos inneheld gjenstandar som er daterte til kring 100 000 til 70 000 år før vår tid, i tillegg til ein anna sekvens som er kring 2000 til 3000 år gammal, frå sein steinalder.

Forskarane frå UiB og Witswatersrand har no sett nærare på teknologi og verktøy som er brukte av forskjellige grupper i denne og andre regionar i Sør-Afrika, til dømes spydspissar av stein og dekorerte eggeskal frå struts. Målet har vore å finna ut om det har vore ei overlapping og kontakt mellom ulike menneskegrupper i mellomsteinalderen. Korleis oppnådde dei kontakt med kvarandre? Korleis påverka kontakten gruppene? Korleis påverka bytet av symbolsk materiell gruppene?

Tilpassing og utvikling

– Mønsteret vi har sett er at ei endring i demografi fører til meir interaksjon. Til dømes har vi funne like mønster på eggeskal frå struts på ulike stader. Dette viser at folk delte symbolsk materiell kultur på visse tidspunkt, nokon gonger ikkje, seier Karen van Niekerk, postdoktor og medforfattar.

Denne delinga av symbolsk materiell kultur og teknologi fortel oss meir om menneskeslekta si reise frå Afrika, til Midt-Austen og Europa. Kontakt mellom kulturar har vore ein føresetnad for at våre forfedre kunne overleva og utvikla seg. Dess meir kontakt det var mellom grupper, jo sterkare vart teknologien og kulturen deira.

– Kontakt mellom grupper og folkeutvikling har gjort det mogeleg å ta til seg ny lærdom og tilpassa nye teknologiar og kulturar. Det er dette som kjenneteikner Homo sapiens. Dette er det same mønsteret som forma menneske i Europa som skapte holekunst, mange år seinare, seier Henshilwood.

 

  • Les Plos One-artiklane her:

The Still Bay and Howiesons Poort at Sibudu and Blombos: Understanding Middle Stone Age Technologies

Diachronic Change within the Still Bay at Blombos Cave, South Africa

Techno-Cultural Characterization of the MIS 5 (c. 105 – 90 Ka) Lithic Industries at Blombos Cave, Southern Cape, South Africa

Intra-Site Variability in the Still Bay Fauna at Blombos Cave: Implications for Explanatory Models of the Middle Stone Age Cultural and Technological Evolution