Hjem
Aktuelt
Forsking | KREFT

Mannlege kreftoverlevarar er oftare barnlause

Ei undersøkjing av alle mannlege kreftpasientar i Noreg over ein periode på 20 år fortel at fleire av dei har vanskar med å få barn. Dei nye tala kan bidra til å endra behandlinga av mannlege kreftpasientar .

Illustrasjonsbilde far og barn
FLEIRE BARNLAUSE KREFTOVERLEVARAR: Fleire menn som har overlevd kreft har vanskar med å få barn, viser ei undersøkjing av alle mannlege kreftoverlevarar fødde mellom 1965 og -85.
Foto/ill.:
Colourbox.com

Hovedinnhold

Mannlege kreftoverlevarar får i mindre grad barn enn dei som ikkje har hatt kreft, viser ei undersøkjing av alle norske menn fødd mellom 1965 og 1985. Det er 28 prosent færre fedrar mellom menn som har overlevd kreft. 

– Desse funna er viktige for mannlige kreftoverlevarar, sidan vi identifiserer risikogrupper som kan ha vanskar med å få barn, seier Maria Winther Gunnes, stipendiat ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin og hovudforfattar av ein artikkel i British Journal of Cancer.

Kan endra behandlinga

Kjennskapen gjer at ein kan utvikle konkrete behandlingsprotokollar som i mindre grad påvirker fruktbarheita, og ein kan i tillegg optimere fertilitetsbevarande tiltak som å lagra sæd, før ein startar behandling av kreften, fortel Gunnes. Undersøkjinga viser at det er tre gonger så sannsynleg at mannlege kreftoverlevarar nyttar kunstig befrukting for å få barn.

Forskarar frå blant anna UiB og Institutt for global helse og samfunnsmedisin har undersøkt kva kreft i ung alder tyder for reproduksjon og sivil status. Resultata er publiserte i British Journal of Cancer, eit av dei mest siterte kreft-tidsskrifta i verda.

Talet på dei som overlever kreft i barndom og ungdommen har auka dei siste tiåra, takka vera forbetring av kreftbehandling og oppfølgjing i det norske helsevesenet. Ein reknar med at kring 80 prosent av dei som får ein kreftdiagnose i tidleg alder kjem til å overleva sjukdommen og behandlinga.

Ekteskap og kreft

Resultata viser altså at færre av dei som har overlevd kreft vert fedrar enn dei som ikkje har hatt kreft. Tala viser at av dei 2687 mennene som hadde overlevd kreft, fekk 1087 barn. Til samanlikning fekk 368 469 av dei 607 668 kreftfrie norske mennene barn. Barnløyse gjeld spesielt dei som har hatt testikkelkreft, hjernesvulstar, lymfekreft, leukemi og beinkreft.

Kreftoverlevarane gifta seg i noko mindre grad enn referansepopulasjonen uten kreft, men her var det ingen store skilnader. Særleg dei som hadde overlevd hjernesvulstar giftar seg sjeldnare enn andre.

Kreft påverkar ikkje barna

– Det er viktig å kunne forsikre unge, mannlige kreftoverlevarar om at deira kreftsjukdom og behandling ikkje vil ha negative konsekvensar for deira eigne barn, seier Gunnes.

Artikkelen viser nemleg at barn av dei som har overlevd kreft ikkje har auka risiko for fosterdød eller medfødde avvik enn andre barn. Det er heller ingenting som tyder på for at desse barna vert fødde for tidleg eller at dei har låg fødselsvekt.  

Talmaterialet i studien kjem frå Medisinsk fødselsregister, og viser til alle menn fødde mellom 1965 og 1985. Tala på pasientar som overlevde kreftdiagnose er henta frå det norske Kreftregisteret. Studien nyttar dermed obligatoriske nasjonale register, og får talmateriale som omfattar ein heil nasjon.