Hjem
Aktuelt
Forskingssamarbeid

UiB og NTNU tilset kontaktperson i Tokyo

Hiroshi Matsumoto skal styrke samarbeidet mellom dei norske universiteta og Japan.

Hiroshi Matsumoto
VÅR MANN I JAPAN: Hiroshi Matsumoto skal mellom anna skapa møteplassar mellom japanske og norske forskarar og studentar.

Hovedinnhold

I desember gjekk Universitetet i Bergen (UiB) og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) saman om å etablera eit samarbeid med Innovasjon Norge i Tokyo. Målet er er å styrke forskings- og utdanningssamarbeidet med Japan.

Saman med Innovasjon Norge og den norske ambassaden har dei to universiteta og Innovasjon Norge oppretta ei rådgjevarstilling i Tokyo. No er det klart at japanske Hiroshi Matsumoto skal fylle stillinga.

– Vi har store forventningar til at ein slik ressurs vil vere viktig for å styrke UiB sitt samarbeid med Japan. I første omgang vil vi prioritere at Matsumoto blir kjent med UiB og det forskingssamarbeidet vi alt har med japanske institusjonar. Vi ser fram til at han kan kome til Noreg og besøke UiB og våre forskarar og studentar, seier Anne Christine Johannessen, viserektor for internasjonalisering.

Viktig samarbeid

Japan er eit viktig samarbeidsland for Noreg, både innan forsking og utdanning. UiB har alt fleire samarbeid med leiande universitet og forskingsinstitusjonar, særleg innan marin forsking samt energi- og miljøforsking.

– Skal vi utvikle og styrke dette samarbeidet vidare, treng vi ein rådgjevar som kjenner dei japanske institusjonane og kan bidra til å skape møteplassar både for forskarar og studentar, seier Johannessen.

Ho fortel at ein skal vidareutvikle samarbeidet til nye fagområder som for eksempel helse, samfunnsfag og jus. Ei anna viktig oppgåve for Matsumoto  vil vere å bidra til auka studentutveksling  og praksisplassar for studentar.

Stort nettverk

Matsumoto skal tiltre 1. april 2016, og kjem frå ei stilling som kontaktperson for det store forskingsprogrammet Horisont 2020 i Japan. Tidlegare har han mellom anna forska på plasmafysikk og kjernefysikk, og har delteke i fleire internasjonale forskingsprosjekt.

Matsumoto har eit stort nettverk i japanske forskingsinstitusjonar. Det vil verta nyttig framfor den komande Japan – Norway Science Innovation Week i Tokyo, meiner viserektor Johannessen. Det er ein viktig møteplass, og Innovasjon Norge har med sitt nettverk i Japan gjort mykje for å samla viktige personar til konferansane.

– UiB har prioritert å delta kvart år med fleire forskarar, og med det nettverket Matsumoto har innan japanske forskingsinstitusjonar, vil han kunne bidra til å samle endå fleire dyktige forskarar som kan vere potensielle samarbeidspartnerar for oss, seier Johannessen.   

Konferansen vert arrangert av den norske ambassaden i Japan, Japan Science and Technology Agency, Innovasjon Norge, Forskingsrådet og Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU). Arrangementet er ein møteplass mellom forskarar frå ulike land, men med like arbeidsområde.