Hjem
Aktuelt
Kvinnedagen:

Humleforskar med hemmeleg bistilling

Sommaren 1943 var zoologen Astrid Løken einaste pensjonær på Liseth pensjonat på Hardangervidda. Ho forska på humler og spionerte på tyske militære anlegg.

Astrid Løken
Då motsetningane mellom XU-Sentralen i Oslo og Mi2 i Stockholm bygde seg opp i juli 1944 reiste Astrid Løken til Stockholm for å forhandle. Edvard K. Barth, Astrid Løken og Otto Øgrim her under eit frikvarter frå frustrerande forhandlingar.
Foto/ill.:
Kaare Hemsen

Hovedinnhold

Fossli Hotell ved Vøringsfossen eit stykke lenger nede, var okkupert av tyskarane, men tyske soldatar var sjeldan å sjå. Sommaren 1943 var Astrid Løken derfor nokså aleine på denne delen av Hardangervidda, som var såkalla sperresone under krigen. For å få lov til å opphalde seg innanfor den militære sperresona måtte ho søke det tyske tryggleikspolitiet om løyve. Søknaden vart handsama på høgaste hald av rikskommisær Joseph Terboven. Hitlers øvste sivile tenestemann i Noreg sa ja til humleforsking på Hardangervidda. Studia til Astrid Løken var reelle nok. Ho vart seinare landets fremste ekspert på humler, men minst like viktig var spionasjen. Under dekke av forsking kunne ho fritt rusle rundt på vidda og fotografere vegar, bruer, terreng, stiar og anna som kunne vere av interesse for dei allierte.

I kjellaren på garden framkalla Løken bilete av humler – og av alt på fjellet som hadde militær interesse. Resultatet av ”ferien” vart detaljerte opplysningar for transportar og flyslepp, og etterretning om området frå Måbødalen og austover vidda. I tillegg kom ein vitskapleg publikasjon om humler!  

XU-topp 

Opphaldet på Liseth var eitt av mange etterretningsoppdrag som Astrid Løken, eller ”Eva” utførte under 2.verdskrig. Ho var ei av toppane i etterretningsorganisasjonen XU, den dominerande etteretningsorganisasjonen i Noreg under krigen og låg under Forsvarets overkommando  i London.

Astrid Løken var nummer fire av om lag 1500 medlemmer i XU. Mange av medlemmene gjekk under jorda. ”Eva” slapp dette, men levde eit gjennomført dobbeltliv i konstant livsfare. I fire år levde ho med pistol under puta, brannbomber på nattbordet og handgranatar ved sengekanten. Ho bar også på ein cyanidpille i tilfelle det skulle bli naudsynt å ta sitt eige liv.  Astrid Løkens kjærast gjennom mange år hadde døydd av tuberkulose, i jula 1938. Dette prega Astrid Løkens haldning til etterretningsarbeidet under krigen.

– Eg var aldri redd. Om eg kom levande eller død ut av det var meg lenge likegyldig. Bortgangen hans påverka meg for livet, fortel ho i boka XU I hemmeleg teneste 1940-45.

Av fire leiarar i XU var to kvinner. Anne-Sofie Strømnæs, med kodenamn ”Aslak” og Astrid Løken. Det var aldri nokon i motstandsrørsla som reagerte på at vi var jenter, seier Anne-Sofie Strømnæs og Astrid Løken. Løken vart med  XU våren 1941, verva på Blindern. Same haust tok ho hovudfagseksamen i zoologi, og kom også inn i toppleiinga i XU. Under deler av krigen hadde ho arbeidsplassen sin på Zoologisk laboratorium på Blindern. Dette var ein stad som eigna seg godt til motstandsarbeid. Ho fotograferte kartverk og dokument på mørkerommet i laboratoriet. Arbeidet måtte skje om natta, fordi vaktmeisteren var medlem av NS. 

Kvinnepioner

– Ingen, sjølv ikkje dei næraste visste kva vi dreiv med, fortel Astrid Løken i boka. Løken var offisielt, og riktig nok, zoolog. Ingen kontrollerte kva ho eigentleg dreiv med, men familie og venner klaga over at ho brukte så mykje tid på studia.

Løken vart, som første kvinne, medlem av Norsk entomologisk forening i 1941. Under krigen vart det likevel mindre tid til insektstudie for Astrid Løken. Mengder av informasjon kom inn til XU-sentralen i Oslo. Ho koordinerte arbeidet med  å vurdere, sortere og reinskrive informasjonen. Ho var ein av svært få som visste både adressa til sentralen og til Otto Øgrim som fotograferte og koda materialet. Ho tok seg sjølv av transporten mellom desse to viktige basane i XU-systemet.

– Eg visste for mykje. Slik sett var eg sjølvsagt ein risiko for XU. Tenk om Gestapo tok meg. Men vi var heldige. Det var fabelaktig at vi overlevde krigen. Vi var jo sjølvlærte amatørar, seier ho i XU-boka.

16. desember 1943 var det svært nær at Astrid Løken vart teken. Ho klarte å flykte frå Gestapo, som venta ved ei av XUs dekkleilegheiter. Løken varsla straks, likevel tok ein nær kollega sjansen på å nærme seg denne leiligheita dagen etter. Han vart skoten og drepen. Livet i motstandsrørsla innebar konstant livsfare. Astrid Løken transporterte materiale nesten kvar natt gjennom Oslos gater. Ho sykla som regel, helst midt på natta. I totida. Byen var mørklagt. Det var slitsamt. Oftast skulle Astrid på jobb igjen om morgonen.

 Mange brukte piller for å halde seg gåande. Men ikkje Astrid. På eitt tidspunkt var ho så utmatta at ho måtte leggast inn på sjukehus. Etter krigen var ho heilt utkøyrd. Ho reiste til USA for å forske og for å få krigen på avstand. Filosofen Arne Næss har seinare sagt at han trass i at han ikkje er nokon tilhengjar av å beundre folk, kjenner ei kolossal beundring for det XU-leiarane gjorde under krigen. Næss var sjølv agent i XU under krigen. Etter krigen var det sterk etterspurnad etter XU-agentar til dei hemmelege tenestene. For Astrid Løken og dei andre i leiinga var det fullstendig uaktuelt å fortsette med etterretning.

- Vi ville vidare med liva våre. Mange av oss var studentar med høge ambisjonar innan faga våre, og hadde mykje å ta igjen. Dessutan var dei fleste av oss politisk radikale, det talde også med. Eg hadde ikkje noka interesse av å drive etterretning mot nokon som helst. 

Handlande realistar

Historikar Jorunn Sem Fure har forska på tilhøva ved Universitetet i Oslo under krigen, og har nettopp lansert boka Universitetet i kamp 1940-1945. At ein ung realist som Astrid Løken vart involvert i XU var ikkje tilfeldig, seier Sem Fure til Hubro. Ei rekke studentar i realfagsmiljøet vart involvert i motstandsarbeid. I følgje Sem Fure var realfag mykje meir progressivt enn jus, teologi og medisin når det gjaldt aktivisme. Ein fann veldig handlingsorienterte personar på realfag. – Dei var ”doers”, eit tur- og ekspedisjonsmiljø, der dei med ein gong visste kva dei skulle gjere. Medan HF-studentane var opptekne av å studere totalitarisme som ideologi dreiv realistane våpentrening. Dei var svært politisk medvitne også før krigen, og praktiske. I tillegg til skytetrening dreiv dei med politiske foredrag, førstehjelpskurs og kurs i handtering av gassåtak.

– Ei av føremonene realfagsstudentane hadde i motstandsarbeidet var at dei var vane med å vere mykje ute. Dermed kunne ornitologar fotografere fuglar og krigsskip, og troppeforflytting. Eller som Astrid Løken, fotografere humler og ting av militær interesse. Bileta vart sendt til Sverige og England, fortel Jorunn Sem Fure. Ho legg til at realistane i motstandsrørsla utmerka seg også som særs kreative når det gjaldt smugling. Fotografi vart til dømes skalert ned og sendt i skruar på dolokk på jernbanen til Sverige. Eit anna døme: Agentane leverte materiale i eit skap i ein dekkbustad. Her måtte ein kunne rette koden, elles vart skapet sprengt i filler. 

Taus om krigen

Like grundig som ho var i etteretningsarbeidet var Astrid Løken i forskinga og i arbeidet med å bygge opp entomologisk avdeling ved Bergen Museum. Ho kom til Universitetet i Bergen i 1949, og vart verande til ho pensjonerte seg i 1979.

Astrid Løken snakka ikkje om tida som agent under krigen.

– Eg ante ingenting før eg høyrde om det i ei bok som kom for nokre få år sidan, seier Lita Greve Jensen, som jobba saman med Astrid Løken i mange år, og seinare vart hennar etterfølgjar ved entomologisk avdeling.

– Astrid var maurflittig, og hadde ei sterk hand over det som var på hennar avdeling. Ho har gjort ein stor innsats her. Ho var her meir eller mindre døgnet rundt. Ettersom ho hadde bustad på Møhlenpris og levde aleine, kunne ho ofre seg for arbeidet. Ho var oppteken av kvinnesak, og var tidleg ein einar blant kvinnene, seier Greve Jensen til Hubro.

Den tidlegare agenten brukte svært mykje tid på å bygge opp samlinga, og gjorde såleis eit grunnarbeid som andre forskarar kunne få nytte av. Astrid Løken tok doktorgrad på nordiske humler. Eit arbeid som i den seinare tida har blitt aktualisert fordi humlebestanden er under press.

– Vi har mellom anna fått forespurnader frå England i det siste, der dei spør etter Astrids dagbøker frå feltarbeid, fortel Lita Greve Jensen.

Krigen lærte Astrid å vere sjølvstendig og vaken.

– Etter krigen har eg arbeidd sjølvstendig heile tida. Eg likte aldri at folk spurte meg om krigen i sosiale samanhengar. Men no har eg opplevd at venner og unge menneske ringjer for å snakke om kva som eigentleg skjedde den gongen. Det er forbausande og gledeleg, seier Astrid Løken, som er 96 år, og framleis bur heime og klarer seg sjølve. 

Astrid Løken døydde i januar 2008. 

Kjelder: Insekt-nytt Nr. 1 1999 (årgang 24)
Einar og Svein Sæter: XU I hemmeleg teneste 1940-45, Samlaget 2007 Svein Sæter: Portrettintervju med Astrid Løken i Dag og Tid
Tore Pryser: Kvinner i hemmelige tjenester Etterretning i Norden under den annen verdenskrig, Cappelen 2007