Hjem

Aktuelt

UNIVERSITETSLIV

Meltzerpris til to framifrå unge forskarar

Martin A. Fernø og Michaël Tatham vert begge skildra som banebrytande forskarar med internasjonalt gjennomslag.

Meltzervinnarar 2016
HER ER MELTZERVINNARANE: Michaël Tatham, Cecilie Schou Andreassen, rektor Dag Rune Olsen og Martin A. Fernø feira tre Meltzerprisar på den årlege Meltzermiddagen 8. mars.
Foto:
Thor Brødreskift

8. mars fekk Martin A. Fernø og Michaël Tatham Meltzerprisen for unge forskarar. Begge er tidleg i trettiåra, men har alt klart å setja spor etter seg i norsk og internasjonal forsking.

Fernø trur at å lukkast som ung forskar krev at studentar vert involverte i vitskaplege nettverk, og at dei unge forskarane kan delta aktivt i forskinga, gjennom forskingsopphald hjå internasjonale samarbeidspartnerar og deltaking på internasjonale konferansar.

– Eg trur det å få ansvar i ung alder er avgjerande, då vil unge oppleva at rettleiarar og professorar satsar på dei, seier Fernø.

Tatham meiner at unge forskarar først og fremst lukkast gjennom hardt arbeid, men hell er også ein faktor.

– Ein må arbeida hardt, vera sta og vera uthaldande. Det pleier å gå bra, vi forskarar arbeider stort sett med saker vi interesserer oss for. Men når ein sender inn artiklar til vitskaplege tidsskrift med høg avslagsrate eller søkjer på støtte frå store forskingsprogram, då speler hell ei rolle. Eg har aldri møtt nokon med suksess som ikkje var heldige i tillegg, seier Tatham.

Betre lagring av CO2

Martin A. Fernø er førsteamanuensis ved Institutt for fysikk og teknologi, og har mellom anna utmerkt seg med forsking som kan skapa ein meir berekraftig fossil energiproduksjon gjennom reduksjon av CO2-utslepp og lagring av CO2. Han er tilknytta Forskningsgruppen i petroleums- og prosessteknologi ved instituttet og forskingsaktiviteten reservoarfysikk, ein av gruppa sine to hovudaktivitetar.

Meltzerprisen inspirerer Fernø.

– Tildelinga viser at forskingsgruppa sin klare strategi om setja studentar i fokus, og å inkludera studentar i forskinga frå starten på studiet, fungerer. Eg er privilegert som får driva med forsking eg brenn for, seier han.

I mars 2015 lanserte Fernø og kollegaer forsking som brukar skanning-teknologi frå sjukehus til å gjera lagringa av CO2 betre.

Fernø er ein produktiv forskar, og har publisert 71 vitskaplege artiklar sidan 2007, mange av dei i samarbeid med internasjonale forskarar frå mellom anna Imperial College London, Stanford University, Rice University og Université de Bourdeaux.

”Han viser usedvanlige egenskaper som forsker, nyskaper, veileder og motivator og innehar en imponerende arbeidskapasitet og vilje til å gå nye veier” skriv det sakkyndige utvalet som innstiller prisvinnarane.

Fernø ser fram til ei karriere som forskar, og vil bidra til teknologiske løysingar for energiproduksjon, både med berekraftig bruk av fossilt brensel og eit auka fokus på fornybare energikjelder.

– Verda treng energi, også i framtida. Eg trur tverrfagleg forsking og samarbeid på tvers av etablerte faglinjer blir viktig i framtida for å sikra verdas energibehov, seier prisvinnaren.

EU-politikk på fleire nivå

Michaël Tatham er tilsett ved Institutt for samanliknande politikk. I 2014, 33 år gamal, vart han professor ved instituttet. Forskinga hans undersøkjer politikk på fleire nivå, med særleg fokus på EU. Mellom anna har han intervjua 300 senior-embetsmenn i 60 regionar i fem EU-land om korleis dei opplevde sin påverknad i Brussel.

Utvalet meiner at Tatham har utmerka seg med innovativ forsking innan forskjellige politiske fagfelt. Dei peiker også på at han har ei internasjonalt framståande rolle i sitt forskingsmiljø og at han har vore involvert i fleire store søknadar om forskingsmidler. Ikkje minst har Tatham engasjert seg i utdanning og forsking i Bergen, og han har mellom anna leia bachelorprogrammet i europastudium og organisert fleire workshoppar om avansert metode, både for studentar og vitskapleg tilsette.

Tatham meiner UiB er ein god plass å satsa på slike tiltak. Både studentar og vitenskapsfolk bør lære seg nye metodar. Takka vera eigne midler kan UiB og instituttet satsa på slik lærdom, meiner han.

– Det er ein høgare grad av entusiasme og støtte frå fagmiljøet og det administrative miljøet ved UiB enn ved mange andre universitet eg kjenner til, og færre byråkratiske hinder, seier han.