Hjem
Aktuelt
Digital utdanning

Når breitt med nettkurs

Universitetet i Bergen (UiB) sitt andre nettkurs har nådd fleire tusen studentar over heile verda. For fleire av dei er dette det den første sjansen til å studere arbeidshelse.

Bilete frå nettkurset, arbeidarar på smelteverk.
BETRE ARBEIDSHELSE: Eit av måla med nettkurset har vore å sikra betre kunnskap om korleis ein arbeidsplass kan verta tryggare. Opptak i arbeidssituasjonar i Tanzania gir kursdeltakarane relevante situasjonar å forhalda seg til.
Foto/ill.:
DigUiB

Hovedinnhold

Kvar dag døyr 6300 arbeidstakarar av skader eller sjukdommar dei får på grunn av arbeidet dei gjer. UiB har med sitt andre nettkurs bidrege til meir kunnskap om korleis ein unngår dødsfall og skader. Hovedmålgruppa er alle typar helsepersonell i utviklingsland.

 Då kurset starta i byrjinga av mars var om lag 5300 deltakarar påmelde. Bente E. Moen leier kurset, og er meir enn nøgd med talet.

– Med eit nettkurs som dette når me mange som elles ikkje har tilgang til denne kunnskapen, seier ho.

Når dei utan tilbod

Moen er professor og leiar for Senter for internasjonal helse. Ho fortel at det finst lite litteratur på emnet arbeidshelse, og at det som finst gjerne er skrive med vestlege tilhøve i tankane. Mange av deltakarane på kurset kjem frå land i Asia og Afrika, der det ikkje finst undervisning om emnet i det heile. Delar av videomaterialet er spelt inn i Tanzania, og viser faktiske situasjonar. Målet er å gi gode instruksjonar som er relevante for undervisinga.

Kurset går over seks veker, og Moen og kollegaene hennar følgjer med på forumet der deltakarane diskuterer emnet. Ho har ikkje sett ein einaste negativ kommentar så langt.

Må planleggjast nøye

Kurset er laga i samarbeid med forskarar frå UiB og forskarar i Tanzania og Etiopia, går over seks veker og er publisert i samarbeid med FutureLearn (sjå faktaboks). Moen har også vore videoførelesar for kurset.  

Det er stor skilnad på å førelesa på nettkurs og ei vanleg førelesingsrekkje, seier Moen.

– Alt må planleggjast svært grundig på førehand, det er ikkje så mykje rom for impulsivitet. Men det gjer at undervisninga vert grundig og fullstendig. Det har først og fremst vore spanande, seier Moen.

Hausten 2015 lanserte UiB sitt første opne nettkurs: Causes of Climate Change, som gav innsikt i verdas klimautfordringar.  Begge disse nettkursa er produserte av DigUiBs lærings- og formidlingslab, i samarbeid med forskarar ved UiB.

– I UiB sin strategi for 2016-2022 seier vi at digitale utdanningsarenaer skal vera ein viktig del både av universitetets etter- og videreutdanning og av vårt globale samfunnsengasjement. Det Bente Moen og kollegane hennar har fått til med dette nettkurset er eit fantastisk døme på ein aktivitet som fyller intensjonane i UiB sine strategiske mål, seier viserektor for utdanning, Oddrun Samdal.