Hjem
Aktuelt
FORSKING | MEDISIN

Genfeil peikar mot Alzheimers-løysing

Forskarar frå UiB har funne eit protein som er viktig for å forstå korleis sjukdommar som Alzheimers oppstår.

Laurence A. Bindoff og Janniche Torsvik (biletet) har studert samanhengen mellom proteinet (PITRM1) og neurodegenerasjon saman med nevrologisk avdeling Førde sykehus, senter for medisinsk genetikk og molekylærmedisin ved Haukeland universitetssjukehus og
VIL FINNE MEDISIN MOT ALZHEIMERS: Laurence A. Bindoff og Janniche Torsvik (biletet) har studert samanhengen mellom proteinet (PITRM1) og neurodegenerasjon saman med nevrologisk avdeling Førde sykehus, senter for medisinsk genetikk og molekylærmedisin ved Haukeland universitetssjukehus og ein velrenommert lab i Cambridge leia av professor Massimo Zeviani.
Photo:
Privat

Innhold

Alzheimers sjukdom oppstår på grunn av proteinavleiringar (plakk) i hjernen. Ny forsking ved Universitetet i Bergen og Haukeland universitetssjukehus syner at proteinet PITRM1, som finst i cellene sine mitokondriar, kan vere involvert i utviklinga av denne alvorlege sjukdommen.

– Når nivået av PITRM1 i cellene går ned fører det til proteinavleiringar i hjernen, seier forskar Janniche Torsvik, forskar ved senteret Mitochondrial Medicine & Neurogenetics (MMN) ved Klinisk institutt 1 (K1).

Resultata er publisert i det vitskapelege tidsskriftet  EMBO Molecular Medicine.

Genfeil ga plakk på hjernen

Mitokondriegruppa ved Universitetet i Bergen og Haukeland universitetssjukehus forska på ein familie med ein genfeil som fører til redusert mengde av mitokondrieproteinet PITRM1. Familien fekk store problem med både motorikk og psyke.

– Dei som hadde lite av dette proteinet vart rett og slett veldig sjuke, og scanning av hjernen til pasientane viste store skader. Me har også gjort forsøk på mus som resulterte i motoriske problem og fann proteinavleiringar i hjernane til musene, seier forskaren.

Torsvik meiner at studien er viktig for å forstå neurogenerative sjukdommar, som Alzheimers sjukdom.

– Resultata avsluttar ein lang diskusjon om det er ein samanheng mellom mitokondriane og opphoping av plakk i hjernen. No ha me vist at det stemmer, funksjonelle mitokondriar er heilt nødvendige for å hindre at plakket blir danna, seier Torsvik.

– Men det er framleis andre faktorar som speler inn, og me har berre funne ein bit i puslespelet, understrekar ho.

Vil finne medikament

Professor Laurence A. Bindoff, som leier MMN i Bergen, seier at gruppa no ønskjer å forska vidare på om PITRM1 også kan spele ei rolle i andre neurodegenerative sjukdommar.

– Målet er at forskinga kan hjelpe oss å finne eit medikament for å forhindra eller bremsa sjukdommar som Alzheimers, seier Laurence A. Bindoff.

Han ynskjer å finne ut meir om sjukdommar som Alzheimer og søkt om for å opprette eit senter for fremragende forskning (SFF) for å gjere nettopp dette. "Centre for research into age related neurodegenerative diseases" er no med vidare i andre runde i søknadsprosessen til ny SFF.