Hjem
Aktuelt
Forsking | Arkeologi

Endrar arkeologiens andlet

Christopher Henshilwood leier eit nytt prosjekt med røtene i arkeologien, men med medverkande frå fleire andre fagfelt. Prosjektet er i med i siste runde om å kvalifisere seg til statusen Senter for framifrå forsking.

Christopher Henshilwood
OMDEFINERER ARKEOLOGIEN: Professor Christopher Henshilwood leier eit tverrfagleg prosjekt, som er i siste runde om å verte eit Senter for framifrå forsking. Han meiner senteret vil gjere at afrikansk arkeologi i Noreg vil rykkje opp i verdseliten.

Ekspertar frå fleire fagfelt slår kreftene saman for å vita meir om våre tidlege forfedrar si utvikling, i eit arkeologisk basert forskingssenter som vil plassera Noreg i verdseliten.

Banebrytande prosjekt

– Dette er eit heilt annleis prosjekt. Vi kjem til å samarbeide med ekspertar frå klimaforsking, nevrologisk forsking, geologi og samfunnsfag, seier professor Christopher Henshilwood frå Institutt for arkeologi, historie, kulturvitskap og religion. Henshilwood er professor ved Universitetet i Bergen og det sør-afrikanske University of the Witwatersrand.

Mellom 2010 og 2015 var den anerkjente arkeologen støtta av Det europeiske forskingsrådet (ERC) med eit Advanced Grant. Sidan 2007 har Henshilwood vore forskingsleiar for Human Origins ved University of the Witwatersrand.

Han skal leia prosjektet Centre for Early Human Behaviour (EHB) Homo Sapiens Behavioural Evolution 100-50 000 Years, South Africa, som no er med i konkurransen om å få status som Senter for framifrå forsking (SFF). Ordninga er Forskingsrådets fremste  virkemiddel for å fremje kvalitet i norsk forsking.

Av dei 150 senta som søkte SFF-status er 34 invitert til å levere ein meir detaljert søknad for den andre og siste runden. Fire av sentra som er med i siste runde er frå UiB.

Tverrfagleg kvalitet

Prosjektet kjem til å bruka teknikkar og ekspertise frå fleire framifrå forskingsmiljø. Slik kan ein lære meir om korleis våre tidlege forfedre levde og oppførte seg.

– Professor Kenneth Hugdahl frå fMRI-gruppen er med på teamet, det same er professor Eystein Jansen, tidlegare vitskapleg leiar av Bjerknessenteret for klimaforsking, seier Henshilwood.

Hugdahl har nyleg fått ERC advanced Grant for andre gong.

– Det er ei gruppe med fleire fasettar, som tar med seg spesialistar frå fleire institusjonar. Gruppa må vera sterk, med ei blanding av både kvinner og men, så vel som yngre og elder forskarar. Vi treng ein slik kontinuitet for å sikre framtida til denne type forsking, seier arkeologen.

 Som eit tverrfagleg prosjekt kjem gruppa til å nytta seg av universitetet sine sterkaste sider - den breie vitskaplege ekspertisen.

– Forskinga skal vera omfattande og gruppa mangfaldig. Vi har fleire framifrå forskarar som  er klare til å delta, til dømes arkeologen Francesco D’Errico, geologen Nele Meckler og samfunnspsykolog Andrea Bender, seier Henshilwood.

Inspirert av klimasenter-suksess

Bjerknessenteret for klimaforsking er ein inspirasjon for Henshilwood sitt arkeologi-baserte senter. Mellom 2002 og 2011 hadde Bjerknes status som SFF, og eit sterkt og internasjonalt forskingsmiljø vart skapt. Bjerknes har etablert seg som eit sterkt senter, også etter at SFF-perioden er over.

– I likskap med Bjerknessenteret vil vi henta inn den internasjonale ekspertisen og på lære opp ein ny generasjon av norske studentar. Slik vil vi byggje eit robust senter. Gjennom samarbeidet utvider Bjerknes forskinga mot sør, det tykkjer eg er stimulerande, seier Henshilwood om Jansen sitt engasjement i det nye senteret.

Omdefinerer arkeologi

Henshilwood meiner afrikansk arkeologi i Noreg generelt vert sett på som forsking plassert innan humaniora.

– Den bør også vurderast som naturvitskapleg, noko som er tilfelle i store delar av EU. No har vi høve til å hente inn spesialistar i verdsklassa, til dømes Karen van Niekerk og Carin Andersson Dahl. Dei utforskar eldgamle levekårspraksisar frå eit heilt nytt perspektiv. Vi introduserer også revolusjonerande teknikkar for å datera fortida, leia av Simon Armitage. Dette har ikkje hendt ofte, seier antropologen.

Sjå FAKTA for ei liste over leiarane for gruppene i prosjektet.

Korleis vi ser på afrikansk antropologi ved UiB vil endra og utvikla seg, meiner Henshilwood.

– Teamet vårt er tverrfagleg, med ny og innovativ vitskap og teknologi. Eg trur at dette vil endra korleis vi ser på afrikansk arkeologi i Bergen, på ein positive måte. Dette senteret har potensiale til å måla seg med alle andre institusjonar som forskar på dei tidlige Homo Sapiens. Senteret vil plassere Noreg i verdseliten, seier Christopher Henshilwood om prosjektet.