Hjem
Aktuelt
UTDANNING | Innovasjon

Nytenkande undervising er god undervising

Med nye digitaliseringsløysningar for studentane og etterutdanning av underviserar, skal Universitetet i Bergen skapa dei mest attraktive kandidatane for arbeidslivet.

Studentar i felt på Lygra
NYSKAPING I UTDANNINGA: Meir innovativ undervising skal gjere at studentane frå Universitetet i Bergen blir dei mest attraktive kandidatane i landet. Her er bioCEED-studentar i felt på Lygra.
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

I ei tid med aukande arbeidsløyse har utdanningssektoren ei viktig rolle å spela for å sikra at studentar får undervising i eliteserien og arbeidsrøynsle som del av studiane. Leiinga ved Universitetet i Bergen (UiB) er oppteken av at akademia skal gjere sitt bidrag for å styrka unge framtidige arbeidstakarar sine moglegheiter i arbeidslivet. Ikkje minst skal studentane koma ut frå universitetet med kunnskapar som kan vera med på å utvikla samfunnet.

– Alle dei beste undervisarane våre er opptekne av å tenkja variasjon. Det viktigaste er at studentane skal tenkja sjølve og tenkja nytt. Det krev meir av både studentar og undervisarar, seier Oddrun Samdal, viserektor for utdanning ved UiB.

Strategiske tiltak

Ho viser til den nyleg vedtekne strategien til UiB, som gjeld for perioden 2016–22, der nettopp utdanning er eit av hovudfokusa.

– Vi skal utdanna dei beste kandidatane i Noreg, som er attraktive på arbeidsmarknaden. Då er det avgjerande at utdanninga vår er nyskapande, seier ho og held fram:

– Det handlar om å få studentane til å ta aktiv del i læringa. Utdanning skal ikkje berre vere einvegs kommunikasjon, der ein førelesar auser sin kunnskap over studentane.

Som ei del av satsinga samlar UiB sine øvste leiarar til ei eiga samling på Os våren 2016. Tanken er å få fram gode idear til korleis universitetet kan styrke utdanningstilbodet sitt ytterlegare. Då er tydeleg utdanningsleiing viktig.

– På samlinga skal vi få fram konkrete, nye måtar å undervisa på, seier Samdal.

UiB på digital eksamen-toppen

Ifølgje viserektoren skal både forelesinga sjølv utviklast og digitale tilbod bli brukt der det gjer betre læring.

– Digitalisering er eit viktig verkty for nyskapande undervising. Det viktige er at det vert ein ny læringsplattform, der studentane deltek og diskuterer, seier Samdal.

Ho peiker særskilt ut programmet DigUiB, som òg er ei strategisk satsing. DigUiB utviklar, testar og innfører digitale støttesystem og gode verktøy for utdanning og formidling.

– Så langt har det vore produsert to nettkurs med fleire tusen deltakarar i heile verda. I tillegg er det opptak av førelesingar. Ikkje minst har vi satsa sterkt på digital eksamen, der vi ligg på Noregstoppen i gjennomføring, fortel ho.

Senter med elitestatus

Utdanningssenteret bioCEED er ei anna stor satsing. Biologistudentane på bioCEED lærer gjennom nye måtar å integrera teori og praktisk arbeid.

Senteret har status som Senter for framifrå utdanning (SFU), noko ingen andre på Vestlandet har per i dag.

– Biologisk institutt bestemte seg for å jobba med å gjera arbeidsmåtane i forskinga til ein viktig del av utdanninga i bioCEED. Det har dei lukkast med, seier Samdal.

Viserektoren er imponert over korleis studentane ved bioCEED arbeider i team og korleis undervisarane får dei til å delta aktivt. Tett samarbeid mellom undervisarane i planlegging av undervisninga og systematisk kompetanseheving i å undervise er vesentleg i arbeidet ved bioCEED. Leiinga ser at denne tilnærminga er ein inspirasjon for andre miljø ved UiB.

– Målet no er å få fleire SFU-miljø ved UiB, minst eitt i løpet av det komande året. Fleire miljø er i sluttfasen med å førebu søknader fram mot fristen for å verta ny SFU no i mai, fortel Samdal.

Som ein del av dette skal UiB utvikla kompetansen til undervisarane sine, mellom anna ved at dei skal få gode tilbod om etter- og vidareutdanning i varierte undervisnings- og vurderingsmetodar. Ein ser også på ulike måtar for å synleggjera dei gode og innovative utdannarane.

– Det å vera ein god undervisar skal telja, også i lønssamanheng, seier viserektor Oddrun Samdal.