Hjem
Aktuelt
UTDANNING | Media

UiB-film til Cannes

Kortfilmen ”Her er Ella” er valt ut til kortfilm-programmet i verdas mest prestisjefylte filmfestival.

Klipp fra "Her er Ella"

HER ER ELLA: Sjå ei scene frå kortfilmen, som vert vist i Cannes.

Ella og Anton har eit forhold gjennom ein brevsprekk. Ein dag vert Anton lei og dreg sin veg, og Ella sitt liv vert snudd på hovudet.

Kortfilmen ”Her er Ella” er skriven av Anne Bjørg Vaa og Kristina Daveronis, som tar bachelorgraden på Institutt for informasjons- og medievitenskap. Filmen skal visast ved ”Short Corner”-programmet under Filmfestivalen i Cannes, under paraplyen ”Creative Minds Group”.

– Filmen handlar om å sprenge grenser, og å våge å gjere noko ein ikkje har gjort før, seier Anne Bjørg Vaa.

Møtte veggen og vart inspirert

Inspirasjonen kom då dei to studentane arbeidde med manuset.

– Vi møtte veggen, og byrja å tenke på kor deilig det hadde vore om nokon berre knuste veggen. Då utvikla manuset seg, seier Daveronis.

Ella i filmen torer ikkje å gå ut av huset sitt. Etter kvart vert ho nøydd til å sprenga grensene sine.

”Her er Ella” er laga ved bachelorprogrammet ved Film- og tv-produksjon på Institutt for informasjons- og medievitenskap.

Reiser til Cannes

Daveronis og Vaa søkte sjølv om å få vist kortfilmen i Cannes, som . Tidlegare har filmen vore nominert som beste fiksjonsfilm på den Norske Studentfilmfestivalen i Lillehammer.

Daveronis og Vaa skal til Cannes og festivalliv, men ser ikkje for seg at det vert så mykje glamour og raude løparar.  

– Vi håpar å få eit inntrykk av korleis filmbransjen er, seier Vaa.

Formålet med ”The Short Film Corner” er å skapa kontakt mellom filmfolk knytta til kortfilmsjangeren.  Segmentet er ein av side-arrangementa til Filmfestivalen i Cannes.

Begge er så opptekne av arbeidet med ein ny film og bachelorgraden at dei ikkje har lagt store planar.

– Draumen er å arbeide profesjonelt med film og tv, seier Daveronis.