Hjem
Aktuelt
UTDANNING

Kunnskapsministeren opna forskingsbøye

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen rosar samarbeidet mellom Universitetet i Bergen og Amalie Skram videregående skole.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen på Amalie Skram VGS
KUNNSKAPSMINISTER PÅ SKULEBENKEN: Torbjørn Røe Isaksen snakkar med elevar frå Amalie Skram videregående skole. Onsdag 8. juni opna han offisielt forskingsbøya Gabriel.
Foto/ill.:
Jens Helleland Ådnanes, UiB

Hovedinnhold

Forskingsbøya "Gabriel" i Store Lungegårdsvann i Bergen gjer at elevar kan testa seg som ekte forskarar. Bøya utfører presise målingar av vatnet, til dømes temperatur og oksygeninnhald, og har i tillegg ein liten vêrstasjon på toppen.

Onsdag 8. juni vart målestasjonen offisielt opna av Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, som fekk høyra om nokre av forskingsprosjekta elevane har gjennomført.

Skal bruka kunnskapen

Røe Isaksen påpeikte at norske elevar ikkje er dårlege på den teoretiske matematikken, men etterlyste meir evne til å bruka kunnskapen til å løysa praktiske problem.

– Norske elevar skal fordjupa seg og bruka verkty. Universiteta i Noreg burde samarbeida endå meir med dei vidaregåande skulane, sa Røe Isaksen til elevane.

Ekte data til elevar

Prosjektet er eit samarbeid mellom Geofysisk Institutt, Bergen Marine Forskningsklynge (BMF), Bjerknessenteret for klimaforsking og Amalie Skram videregående skole. Sotra vidaregåande skule er andre skule ut i prosjektet.

Rektor Dag Rune Olsen er begeistra for samarbeidet mellom universitetet og vidaregåande skular.

– Samarbeidet mellom studentar, elevar, lærarar og forskarar skapar variasjon og utvikling, sa rektor.