Pris til to unge forskarar med resultat
Frode S. Berven og Stian Knappskog får Falchs Juniorpris 2016. Begge kan vise til forskingsresultat som kan hjelpe mange pasientar.

Hovedinnhold
Kvart år vert forskarar under førti år nominerte til Falchs Juniorpris. I år vert prisen gitt til Frode S. Berven, professor ved Institutt for biomedisin og Stian Knappskog, forskar ved Klinisk institutt 2. Eit av vilkåra for prisen er at forskarane kan vise til at resultata deira er sett ut i livet.
– Drivkrafta for forskinga mi er å gi noko tilbake til pasientane, for så mange som mogeleg. Det har vi potensiale for å få til i framtida, seier Berven.
Kan føreseie sjukdomsutvikling
Han er leiar for kjernefasiliteten for proteinanalyser ved UiB (PROBE). PROBE er verdsleiande i si forsking på pasientar med multippel sklerose.
Gruppa si forsking kan gjere det mogeleg å kunne føreseie sjukdomsutviklinga hjå pasientar, og at kvar pasient kan få ei behandling som passar han eller ho. Gruppa har i fleire publiseringar funne prov på at protein i ryggradsvæske har potensiale til å seia noko om sjukdomsutvikling.
Vil skape betre behandling
Knappskog er også motivert av å hjelpe pasientar. Kreftforskaren, som også er tilknytt Mohn Kreftforskningslaboratorium, arbeider i hovudsak med brystkreft. Målet hans er å skape betre behandlingar for pasientane.
– Vi vil finna markørar i genane som vil gi best behandling av kreftpasientar, ved å kunne forutsjå kva genendringar som kan gi resistens mot ulike typar cellegift.
Resultat frå forskinga er brukt i behandlinga av pasientar frå i år, i ei meir målretta behandling av brystkreft.
Knappskog merker at pasientane han forskar på gjerne vil hjelpe, gjennom vevsprøvar og deltaking.
– Det er tydeleg at dei vil bidra til at forskinga skal drivast framover, seier han.
Treng gode miljø
Både Knappskog og Berven understrekar kor viktig det er med eit godt forskingsmiljø og støttespelarar.
– Eg ønsker å fortsetja karriera mi i det miljøet eg er i no. Vi er avhengige av å ha eit translasjonelt miljø, med eit nært og godt samarbeid med legane som er tettast på pasientane. Det er eit stort miljø med ulike kompetansar, seier Knappskog.
Berven har eit mål om å gjera PROBE endå sterkare og meir stabil.
– Eg vil takke alle i gruppa og alle bidragsytarar. Ein må ha gode folk med seg for å til noko verkeleg bra, seier han.