Hjem

Aktuelt

FORSKINGSSTØTTE

26 millionar til tre UiB-prosjekt

Forsking på diamantproduksjon og helse får kring 26 millionar kroner i FORNY2020-støtte frå Forskingsrådet.

Illustrasjon, forskning
INNOVATIV FORSKING: Tre forskingsprosjekt ved UiB får støtte gjennom FORNY2020 frå Forskingsrådet. Programmet skal få forskingresultatt frå offentleg finansierte forskningsinstitusjonar fram til marknaden.
Foto:
Eivind Senneset/UiB

FORNY2020 skal skape auka verdiskaping ved å få forskingsresultat frå offentleg finansierte forskingsinstitusjonar fram til marknaden.

Fire forskingsprosjekt i Bergen får støtte i vår, tre av dei med tilknyting til UiB.

Betre diamantproduksjon

Forskingsprosjektet ”A new MPCVD technology for diamond coating” føreslår ny teknologi som gjer produksjon av diamantar til industrielt bruk betre og meir produktiv. Diamantar er brukte i verktøy for å gjere dei sterkare, men er dyre og tidkrevjande å produsere.

Prosjektet er etablert av Justas Zalieckas ved Institutt for fysikk og teknologi, saman med Bodil Holst og Martin Greve. Prosjektet får 6,6 millioner kroner i støtte.

Ny kreft-terapi

Prosjektet CryoIT vil utvikla og setja i verk ei ny form for immunterapi for prostata-kreft, som også kan endrast for å behandle fleire typar kreft. FORNY2020 er med å støtte verifisering av  behandlinga ved å overvaka dei som alt er behandla. I tillegg skal ein gjennomføre klinisk testing av ein sterkare versjon av produktet. Bjørn Tore Gjertsen,  Karl-Henning Kalland og Anne Margrete Øyan frå Klinisk institutt 2 driv prosjektet, som høyrer til hjå UiB og Haukeland Universitetssjukehus. Prosjektet får 10 millionar i støtte.

Vaksine mot diaré

Prosjektet ETEC får støtte til å vidareutvikle ein vaksine mot såkalla reisediaré. Sjukdommen er årsaka av ETEC (Enterotoxigenic Escherichia coli). Diaré tar livet av 700 000 barn årleg. FORNY-midlene skal nyttast til å utvikle og teste vaksinen. Forskarane Pål Puntervoll frå  UniResearch Miljø, Halvor Sommerfelt frå Senter for internasjonal helse og samfunnsmedisin og Kurt Hanevik frå Senter for internasjonal helse og Klinisk institutt 2 deltek i prosjektet, som får 9,9 millionar kroner i støtte.

Bergen Teknologioverføring AS har vore prosjektleiar for dei fire prosjekta som får støtte.

– Vi er særs nøgde med at fire av seks søknadar til FORNY2020 er innvilga denne våren. Dette gjer at desse innovative prosjekta kan fortsetje å utvikle seg, seier Randi Taxt, nestleiar i BTO.