Hjem
Aktuelt
Forskning | Geografi

UiB-forskar på Netflix

Dokumentarserien "The Future of Water" er kjøpt av Netflix, som viser den til sine 81 millionar abonnentar.

The future of water
FORSKING PÅ NETFLIX: "The Future of Water" kan strøymast på Netflix.
Foto/ill.:
Tove Gravdal

Hovedinnhold

Den prisvinnande dokumentarserien "The Future of Water" har som utgangspunkt at vatn og kampen om å kontrollere elementet har forma samfunnet sidan dei første sivilasjonane og fram til i dag. Ikkje minst vert vatn ein viktig faktor for framtida.

No har den globale strøymetenesta Netflix kjøpt rettane til å vise filmen til sine 81 millionar abonnentar.

Serien i tre delar er basert på professor Terje Tvedt sitt arbeid. Tvedt er også programleiar i serien, som tek sjåaren med til heile verda. Serien viser korleis kampen for å kontrollere vatnressursar vil påverke den globale politiske maktkampen og påverke skjebnene til både land og heile kontinent.