Hjem
Aktuelt
UNIVERSITETSLIV

Smittsom begeistring

På ein konferanse i august 2016 samla krefter frå heile Bergensregionen seg for å ta Helsecampus Årstadvollen eit steg nærare realisering.

Foreløpig skisse av Helsecampus Årstadvollen i Bergen.
SLIK KAN HELSEKLYNGA BLI: Førebelse skisser av korleis Helsecampus Årstadvollen kan bli sjåande ut, tegna av b+b arkitekter.
Foto/ill.:
b+b arkitekter

Hovedinnhold

Ein summande sal under dei store lysekronene i Borgasalen på Solstrand Hotell & Bad i Os. Det skal bli kjøt på bein, idemyldring, deling av kunnskap og konkrete planer for Helsecampus Årstadvollen.

Den framtidige helseklynga skal ikkje vere eit luftslott, det skal bli eit internasjonalt kraftsenter for helse. Då er den ekte samtala mellom menneske verdifull og naudsynt. Og no samlast dei, folka som vil bygge opp Helsecampus Årstadvollen. Om lag 150 fagfolk har teke turen til samlinga i Os - frå Universitetet i Bergen, Bergen kommune, Høgskolen i Bergen og mange andre stader.

Felles hjernekraft i sving

-Det er fantastisk å sjå så mange engasjerte folk i salen!

Dekan ved Det medisinsk-odontologiske fakultet, UiB, Nina Langeland, åpna det to-dagars faglege avsparket som handla om Helsecampus Årstadvollen.

-Dette vil bli særs viktig. Til sjuande og sist for pasientane, men vi skal også tenke mykje på framtida sine helsearbeidarar. På Helsecampus Årstadvollen vil studentane komme tettare på kvarandre, tettare på forskingsmiljø og nærare på praksis i kommunen. Dei skal vere motorar når det gjeld innovasjon og entrepenørskap på tvers av faggrensene.

Så kva er Helsecampus Årstadvollen? Kort sagt skal det komme bygg med tusenvis av kvadratmeter der fagfolk innan helse skal møtast på tvers, for å utdanne helsearbeidarar og forske fram nye og betre løysingar til det beste for pasientane.

UiB, Bergen kommune og Høgskolen i Bergen er dei tre store aktørane i samarbeidsprosjektet. Kommunaldirektør Nina Mevold fortel at kommunen har store planer i høve til helsecampusen.

-I kommunen har vi den utfordrande kombinasjonen med at stadig fleire blir eldre, vi får fleire oppgåver - samstundes som det blir mindre pengar i den kommunale kassa. Våre brukarar har store forventingar til oss, og vi skal levere. Då må vi tenke nytt. Vi må få meir smart omsorg. Inkludert i det ligg ny teknologi, meir brukarinvolvering, e-helse, tenesteinnovasjon, strategisk arealbruk og kunnskapsbasering.

Dekan Nina Langeland slutta seg til dette.

-Ja, vi må våge å snakke om til dømes teknologi. Det er heilt klart, vi kjem til å trenge det når vi blir gamle.

Der vil Høgskolen i Bergen bli ein viktig partnar. Rektor Ole-Gunnar Søgnen smilte då han såg ut over forsamling.

-Eg får lyst å seie gratulerer med dagen, eg! Det er fantastisk flott å sjå så mange samla her i dag. For Høgskolen i Bergen er dette viktig. Vi kan realisere betre samhandling på tvers, vi kan møte viktige samarbeidspartnarar i samfunnet som ønsker å utvikle dette samarbeidet. På Helsecampus Årstadvollen kjem vi til dømes til å komme med satsinga vår på omsorgsteknologi, det blir veldig spennande.

Kjøt på beinet

Mange har lurt på korleis Helsecampus Årstadvollen kjem til å sjå ut til slutt. Bjørn Ivar Hegglund i B + B Arkitekter kom for å presentere byggeprosjektet.

-Det må bli fleksible bygg som skal kunne handtere nye undervisingsformer, med åpne rom og lokaler til leige, sa Hegglund.

Husa skal fyllast med innhald, og det vil bli rift om plassane i dei toppmoderne fasilitetane. Difor var det viktig å møtast på tvers for å tenke nytt saman. På Solstrand Hotell vart deltakarane delt opp i grupper som tok for seg mange av utfordringane som ein må løyse i framtida. Det var varierte tema på dagsorden; alt frå ungdomshelse, barnevern, globale skilnader, migrasjon, folkehelse, omsorgsteknologi, framtida sine helsearbeidarar og deira behov. 

Prorektor ved UiB, Anne-Lise Fimreite, gleda seg over engasjementet.  

-Desse klyngene skal vere redskap for å bygge ned barrierer og få betre løysingar på komplekse problem. Vi vil at Helsecampus Årstadvollen skal bli eit internasjonalt kraftsenter. Det er høge ambisjonar, i god Bergensstil. Dette er eit viktig prosjekt for Universitet i Bergen. Og samarbeid er gøy! Saman skal vi skape noko vi verkeleg kan vere stolte av. No er det berre å komme i gang!

Helsesøstre og robotar

-Vi skal ikkje legge skjul på at vi må bli meir bevisste på forsking.

Leiar for etat for born og familie i Bergen kommune, Marianne Kildedal, var innleiar i gruppa som skulle tenke nytt om born og unge. Undertema var blant anna ungdomshelse, barnevern, psykisk helse, helsestasjon, skule – og dei som droppa ut av skulen.

-Vi vil at folk skal få det enda betre, og då vil vi tenke på forsking – før vi går i gang med nye prosjekt. Vi vil tenke over kva ny kunnskap som kan komme ut av dette, kva kan evaluering føre til, kva kan vi gjere for at folk sin kvardag skal bli best mogleg? Kva manglar vi kunnskap om? Dette må vi ha i bakhovudet.

Forskarar med erfaring frå ulike arenaer som kriminalomsorg og krisepsykologi bidrog med sine innspel og perspektiv. Lone Holst, som er førsteamanuensis og forskar på samfunnsfarmasi føreslo eit betre samarbeid med kommunen for å gjere det enklare for barnehagetilsette og lærarar som treng opplæring i å gje born medisin, som til dømes insulin og astmamedisin. Ideane myldra.

-Så er det også viktig å tenke på kva tenester det er klokt å levere til dei som ikkje strevar, sa Trond Egil Hansen, medisinsk fagsjef i Bergen kommune.

-Vi vil ikkje skape ein nasjon av pasientar. Korleis skal ein unngå å levere unødvendige tenester til dei som ikkje treng det?

-Eg tenker at vi må bli endå flinkare på omsorg på lågaste effektive nivå, både når det gjeld helsestasjon, skulehelsetenesta og ikkje minst fastlegane, kom det frå ei anna i gruppa. Diskusjonen heldt fram og nye idear vart klekka ut.

Framtidsretta tankar var det også plenty av i ei anna workshop som handla om helseteknologi. E-helse, omsorgsteknologi og kommunikasjon var nokre av nøkkelorda.

-På 50 år har kostnaden av å produsere ein transistor gått frå 30 dollar til ein nanodollar, fortalte ein engasjert Knut Øvsthus, professor ved Institutt for elektrofag ved Høgskolen i Bergen. Han snakka om helserobotane som vil komme, og som allereie har begynt å gjere sitt inntog – til dømes dei smarte dusjane som ved hjelp av robotteknologi som gjer det mogleg for personar med nedsett funksjonsevne å dusje heime utan hjelp frå helsepersonell. Robotdusjane er eit samarbeid mellom Bergen kommune, Høgskolen i Bergen og Mektron Robotikk.

-Helserobotane kjem. Men dei skal ikkje detaljprogrammerast – dei må lære å sanse!

Gruppa snakka om langt meir enn robotar, men felles var tanken om at Helsecampus Årstadvollen kan bli eit treffpunkt for folk til å samhandle og utvikle gode løysingar i framtida.

-Stor entusiasme og veldig inspirerande, sa dekan ved MOF, Nina Langeland, som deltok i sesjonen.

Vegen vidare

Rom vart ikkje bygd på ein dag, og framleis gjenstår det første spadetaket på Helsecampus Årstadvollen. Men entusiasmen er brennande, frå mange leirar.

-Det som må skje raskt no, er at dei miljøa som skal inn i det første bygget, Årstadvegen 17, må treffast raskt, på tvers av institusjonar og saman med arkitektane, sa Langeland. Mevold er einig.

-Prosessen vi har framfor oss er spennande! Vi skal identifisere faglege mål og satsingsområde, og eg høyrer engasjement både hos kommunedeltakarar og forskarar. Det er viktig at vi ganske raskt konkretiserer nokre prosjekt. Vi treng ikkje å vente på innflytting i bygget for å starte.

Ruth Grung i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget var også hjarteleg til stades. Og ho var begeistra over det ho såg og høyrde.

-Har de blitt meir engasjerte i løpet av denne dagen? Opp med handa… Yes! Det eg har sett i dag er eit sterkt engasjement. Innhald er mykje viktigare enn bygg. Og ikkje vent på noko, det er berre å sette i gang!

Helsebyråd Rebekka Ljosland sparte heller ikkje på godorda.

- Vi må vite at det vi gjer faktisk verkar. Vi må ha kunnskapsbaserte tenester. Vi vil vere med! Det handlar om å påverke grunnutdanningane og etter- og vidareutdanningane. Vi vil også vere med å forske. Kompleksiteten i kommunen sine tenester aukar. Vi lever lenger no enn før, og det gjev også utfordringar. Som kommune har vi behov for innovasjon og kunnskapsbasering av helse- og omsorgstenestene. Så vi trur kanskje at Helsecampus Årstadvollen blir det viktigaste klynga i Bergen, nettopp fordi det er så mange utfordringar innan helsesektoren å ta tak i. Vi gledar oss, avslutta byråden.