Hjem
Aktuelt
Nyhet

UiB- og CMI-middel til fire prosjekt

Fire prosjekt innan utviklingsrelatert forsking får støtte frå Universitetet i Bergen og Chr. Michelsens Institutt.

Verdskart
STØTTE TIL SAMARBEIDSPROSJEKT: Fire prosjekt forankra i både UiB og CMI får støtte av dei to organisasjonane. Midla styrkar forsking på globale samfunnsutfordringar, eit av satsingsområda til UiB.
Foto/ill.:
Colourbox

Hovedinnhold

Årleg deler Universitetet i Bergen (UiB) og  Chr. Michelsens Institutt (CMI) ut middel for å styrka den utviklingsrelaterte forskinga i Bergen. Søknadane skal inkludera fast tilsette forskarar frå begge institusjonar og vera forankra i forskingsmiljøa på dei to verksemdene.

Siri Gloppen er søknadsansvarleg for ein av dei fire søknadane som har fått tilslag. Gloppen er professor ved Institutt for samanliknande politikk, og leier forskingssenteret Centre on Law & Social Transformation.

Støtta på 150 000 kroner skal mellom anna vere med å finansiera Bergen Exchanges on Law & Social Transformation, som samlar forskarar på tvers av prosjekt, disiplinar og institusjonar. Den 22. august møtest forskarar frå heile verda for tredje gong i Bergen. Temaet for 2016 er mellom anna migrasjon, seksuelle rettar samt helsemessige ulikskapar.

– Denne samlinga er sjølve grunnstamma i senteret. Samarbeidspartnerar samlast, og me tek utgangspunkt i pågåande prosjekt. Samstundes vert grunnlaget for nye prosjekt lagt. Eg er glad for at CMI og UiB ser verdien i dette, seier Gloppen.

Sterkare gjennom samarbeid

UiB og CMI har ei langsiktig samarbeidsavtale som skal styrka den utviklingsrelaterte forskinga i Bergen. I alt får fem samarbeidsprosjekt mellom dei to institusjonane støtte (sjå faktaboks).

Viserektor for internasjonalisering, Anne Christine Johannessen, meiner midla er viktige for å stimulere til forskingssamarbeid mellom institusjonane.

– Midla er tenkt som såkornmiddel som kan danne grunnlag for større søknadar om ekstern prosjektfinansiering. Det er også eit mål at forskarar frå andre internasjonale forskingsmiljø vert trekte inn i prosjekta, og erfaringane viser at dette er tilfellet i mange av prosjekta som har fått støtte, seier Johannessen.

Ottar Mæstad, direktør ved CMI, er samd med viserektor i at midlane styrker samarbeidet mellom institusjonane.

– Samarbeidsmidla styrker Bergen som eit tyngdepunkt for utviklingsforsking i Noreg, seier han.

Samarbeidet med CMI er direkte forankra i UiB sin strategi, og eitt av UiB sine satsingsområde er globale samfunnsutfordringar.

– CMI har mange svært gode forskingsmiljø, og i våre dagar er det enda viktigare enn før å samarbeide for å løyse komplekse problemstillingar, seier Johannessen.

Utfyller kvarandre

Mæstad peiker mellom anna på at forskargrupper på tvers av institusjonane skapar sterkare fagmiljø, og at ein dermed kan dekke eit breiare spekter av dei globale utviklingsutfordringane.

– Samarbeid om undervising og rettleiing av studentar er også svært viktig for CMI fordi dagens studentar er framtidas forskarar. På dette området håpar eg at vi kan styrke samarbeidet ytterlegare i framtida, seier Mæstad.

Gloppen har vore involvert i både UiB og CMI gjennom heile si akademiske karriere.

– Dei to utfyller kvarandre. Eg set stor pris på å undervisa på UiB og det er intellektuelt stimulerande med CMI si bruksretta probemløysing. Ikkje minst er CMI si tverrfaglege tilnærming positiv, det vert lettare å samarbeida med ulike disiplinar på universitetet gjennom dei eg møter på CMI, seier professoren.