Hjem
Alrek helseklynge
ALREK frokostmøte

Brukarmedverknad som tenking og verkemiddel

Velkommen til frokostmøte

Brukermedvirkning
Foto/ill.:
Colourbox

Brukarpanelet i Alrek helseklynge vart etablert hausten 2018, og inviterer no til sitt første frukostmøte. Tema for dagen er brukarmedverknad som tenking og verkemiddel.

Brukarmedverknad er ein demokratisk rett som er lovfesta både på individ-, teneste- og systemnivå, og som skal sikre kvalitet og relevans i helsetenestene. Dei seinare år har det også blitt strengare krav til brukarmedverknad i helseforsking. I helseføretaka vil brukarmedverknad og bruk av erfaringskompetanse berre bli viktigare i åra som kjem - men kva inneber det eigentleg, og korleis kan ein arbeide med det i praksis? Dette håpar vi å få gode diskusjonar om rundt borda den 16. oktober.

Program for dagen:

  • Innleiing ved leiar i brukarpanelet, Marianne Clementine Håheim
  • Innlegg ved Else Marie Løberg, avdelingsdirektør ved Avdeling for rusmedisin i Helse Bergen. Løberg var m.a. sentral i opprettinga av Erfaringspanel for psykisk helse og rus i Helse Bergen
  • Innlegg ved Rune Samdal, pårørande og medforskar. Samdal vart i 2017 tilsett ved Senter for alders- og sykehjemsmedisin (SEFAS) som den aller første medforskaren ved UiB
  • Diskusjon og erfaringsutveksling i grupper
  • Tid til spørsmål
  • Oppsummering og avslutning

 

Facebook