Hjem
Alrek helseklynge
ALREK møte

Korleis førebygge psykiske helseplagar blant barn og unge?

Velkommen til Alrek møte

Unges helse
Foto/ill.:
unsplash.com

Det er stor merksemd om psykiske helsevanskar blant barn og unge, og korleis me best kan møte denne utfordringa. I dette seminaret vil tilnærmingar og kunnskapsgrunnlaget for å redusere psykiske helseplagar blant barn og unge bli drøfta. Kva veit me og kva manglar me kunnskap om? Og korleis skal me jobbe for vidare kunnskapsutvikling om førebyggjande tiltak og helsefremjande arbeid for betre psykisk helse hjå barn og unge i Noreg?

Me vil høyre frå to innleiarar:

  • Ian Colman (professor ved Universitetet i Ottawa og leiar for Applied Psychiatric Epidemiology Across the Lifecourse Lab) vil presentere kunnskap om korleis endring av forhold som kosthold, styrking av foreldreskap og sosial støtte kan vere ein del av løysinga.
  • Jens Christoffer Skogen (seniorforskar ved Folkehelseinstituttet) vil oppsummere dei viktigaste resultata frå ein omfattande kunnskapsoversikt der eksisterande kunnskap om førebyggjande og helsefremjande tiltak mot psykiske helsevanskar blant barn og unge vart samanfatta.

Møtet er open for alle interesserte, det vil bli strømma live på nettet og det vil bli mogelegheit til spørsmål og diskusjon frå salen. Seminaret vil føregå på engelsk.