Hjem
UiB Alumni
Månadens alumn

Månadens alumn: Roger Sevrin Bruland

Det var då NRK-korrespondent Roger Sevrin Bruland rapporterte frå innsida av ei italiensk intensivavdeling at vi nordmenn verkeleg oppfatta kor alvorleg koronaviruset er. Tilbake i Berlin skryt han av historiefaget frå UiB som han nyttar kvar dag på jobb.

NRK-korrespondent Roger Sevrin Bruland
Månadens alumn, Roger Sevrin Bruland, med smittevernutstyr og kamera på innsida av San Gerardo-sjukehuset. Han var ikkje redd inne på sjukehuset for der hadde legane kontroll.
Foto/ill.:
Nicola Zini

Då talet på virussmitta og dødsfall gjekk i vêret og Italia vart utpeikt som episenter for koronaviruset i Europa, sat NRK-korrespondent Roger Sevrin Bruland seg i bilen for å køyre frå Tyskland til Italia.

Med latekshanskar, vernedress, vernebriller og gummistøvlar kjøpt på ein jernvarehandel, armert med klorin og sprit for desinfeksjon, hadde han som mål å formidle dei skremmande historiane frå San Gerardo-sjukehuset i Monza utanfor Milano.

Tre veker seinare er han tilbake i Berlin, ferdig i karantene utan å ha vore sjuk. Vi har kåra han til månadens alumn og er så heldig å vere ein av dei som har fått eit digitalt intervju med han.

 – Då dei fleste isolerte seg heime for å unngå smitte, bestemte du deg for å oppsøkje eit av dei mest smittefarlege områda i Europa – kva var det som motiverte deg til å reise dit?

 – Det er mange som trur dette er ein vanleg influensa og ikkje tek det alvorleg, difor er det viktig å dokumentere, ikkje berre sjukdomen, som er særs alvorleg sjølv for dei som overlever, men også kor traumatisk det er for eit samfunn å verta råka av korona .

 – Var du redd for å bli smitta inne på Gerardo-sjukehuset?

 – Nei, dei hadde kontroll der. Men eg var redd då eg rapporterte frå München i Tyskland, der alvoret framleis ikkje heilt hadde gått opp for folk. Der var det forkjøla folk på jobb fleire plassar. I Italia gjekk folk med munnbind, det gjer det trygt, og det kjem vi nok alle snart til å gjere.

 – Eg reknar med at ikkje alle dagar som utanrikskorrespondent er like dramatiske – kan du seie litt meir om korleis det er å jobbe som korrespondent utanfor krisetider?

 – Dette er den største hendinga i mi tid som journalist på 11-12 år. Det er ei forteljing som vil bli hugsa lenge, og som har sprengkraft i seg til å føre til politiske endringar, heilt kva veit vi ikkje enno.

Vanlege dagar er ikkje så ulikt som no, det er berre litt meir pause mellom slaga. Altså, det er ingen "normale" dagar, alltid mykje variert som skjer. Til vanleg lagar eg meir magasinstoff til NRK.

 – Då du vart tilsett som utanrikskorrespondent i Berlin sa du blant anna at du gleda deg til å følgje dei austeuropeiske landa og det grøne skiftet i Europa. Trur du koronapandemien vil endre det politiske bildet i Europa framover?   

 – Det har allereie skjedd i Ungarn. Elles er det for tidleg å seie. I eit land som Romania som allereie har ein løpande tuberkulose, HIV, hepatittepidemi,  rabies og vestnilvirus så er nok ikkje korona så skremmande.

Men for dessertgenerasjonen i Noreg, og komfortable vestlege land, vi som ikkje er vant til at folk døyr av sjukdom, det er nok her reaksjonen blir størst. Kanskje vil det føre til at vi tek klimautfordringane meir på alvor?

 – Du studerte historie ved UiB – korleis brukar du historiefaget i arbeidet ditt i dag?

 – Eg har studert ved Universitetet i Aberdeen og Det amerikanske universitetet i Kairo. Historisk institutt i Bergen for 20 år sidan var heilt i verdsklasse og kunne måle seg med både Yale og Harvard, minus kjendisførelesarane sjølvsagt. Det håpar eg det er enno, legg Bruland til, og ber oss samstundes helse til professor Astrid Forland.

Historisk institutt i Bergen for 20 år sidan var heilt i verdsklasse og kunne måle seg med både Yale og Harvard, minus kjendisførelesarane sjølvsagt

Historiefaget nyttar eg kvar dag på jobb, ikkje berre det at eg kan sette saker i perspektiv, men historisk metode nyttar eg når eg sankar inn stoff og tolkar nyheiter for reportasjane mine. Til dømes er kjeldekritikk heilt uvurderleg verktøy i min jobb. Det er essensielt for alle journalistar.

 – Har du tre karrieretips til studentar og alumnar som drøymer om å bli utanrikskorrespondent?

1) Studer historie i Bergen! Men ikkje studer danske dødsdommar frå 1600-talet, da blir du kommunebyråkrat eller lærar, spøker Bruland.

 – Eg studerte den kalde krigen og meiner det gjev like bra eller til og med betre kompetanse enn samanliknande politikk. Elles hadde eg eit fantastisk kurs om samfunnstrukturar i antikken med ein dansk førelesar som eg ikkje hugsar namnet på, det har hjulpe meg å sjå ganske store samanhengar på Balkan.

2) Lær deg å lage godt fjernsyn, det tek minst 10 år, men ein blir aldri utlærd, og jobb gjerne med folk som kan film. Øv deg på å skrive lettfatteleg om kompliserte saker.

3) Få deg praktisk erfaring frå store hendingar eller kriser her heime eller i utlandet. Dette er kanskje det vanskelegaste å få til, men vil hjelpe deg å forstå korleis ting «eigentleg fungerer» bak nyheitene. Skriv dagbok og ta lærdom.

Tilknyttet innhold