Hjem

Institutt for sosialantropologi

Ole-Rasmus Uthaug Sørås - frivillig arbeid blant fattige i Vest-Afrika

Ole-Rasmus skreiv bacheloroppgåve om usynlege gjerder som hindrer integrering inn i det norske samfunnet. Han synes overgangen til masterprogrammet var smidig, og i dag er er han på feltarbeid Vest-Afrika.

At eg kunne få reise ut og erfare, utforske og forske på eit sjølvvalt emne var ein av grunnane til at eg valte sosialantropologi som mastergrad

År påbegynt grad: 2016

Faglig veileder: professor Leif O. Manger

Kvifor valde du ein mastergrad i sosialantropologi?
Antropologi er for meg eit engasjerande felt. Det å kunne lese om så svært mange ulike kulturar og korleis dei kjem til uttrykk er fasinerande. At eg kunne få reise ut og erfare, utforske og forske på eit sjølvvalt emne var ein av grunnane til at eg valte sosialantropologi som mastergrad. Eg håpar å kunne bruke denne mastergraden til arbeide med brubygging mellom kulturar.

Korleis har overgangen frå bachelor- til masterprogrammet vore?
Overgangen var svært smidig. Ikkje berre følte eg meg meir inkludert i diskusjonar, men med eigen lesesal, mindre kull og alle professorane og fakultetsansatte innan rekkevidde er terskelen liten for å svinge innom kontor for ein prat.

Kva er den viktigaste kompetansen du utviklar som masterstudent i sosialantropologi?
Det første semesteret av mastergraden går med til å setje teorien ut i praksis. Vi har fortsatt etnografiske tekstar, men i større grad har fokuset vært på den praktiske og etiske delen av feltet. Det å tileigne seg ein forkunnskap om kva ein kan forvente i felten er den viktigaste kompetansen eg har fått.

Kva skreiv du om i bacheloroppgåva? Kvifor valde du dette temaet?
Eg skreiv om "det norske" i møte med "dei andre". Gullestad sine omgrep om usynlege gjerder som stengde vegen for ein total integrering inn i det norske samfunnet var eit av emna som engasjerte meg mest. Ved å komparer Gullestad sitt omgrep med opplevingane til Somaliske og muslimske innvandrarar, kunne eg sjå korleis Noreg ikkje alltid var så lett å bli ein del av.

Kva skal du skrive masteroppgåva di om? Kvifor valde du dette temaet?
Emnet for masteroppgåva mi er sentrert rundt sosiale dimensjonar innan å jobbe frivillig blant verdens fattigaste. For augeblikket er eg i Vest-Afrika på feltarbeid. Allereie etter bare ei veke i feltet har eg erfart mykje spennande. Har møtt menneskjer ifrå heile verda som alle har sine individuelle grunnar for å jobbe som frivillig. Temaet valte eg litt fordi eg ønskja å reise til Afrika og litt fordi det er eit felt som eg gjerne vil jobbe vidare i.

Kvifor bør nye søkjarar velgje master i sosialantropologi?
Det gir deg mogelegheita til å utforske.

Har du tips til ferske masterstudentar?
Bruke dei ansette og masterstudentane for dei dei er god for, ikkje ver redd for å ta kontakt.

Kva tenkjer du å gjere etter mastergraden din?
Eg ønskjer å kunne fortsette å lære, enten gjennom vidare studier, forsking, eller arbeid.
Noe annet du ønsker å nevne - eller som vi har glemt å spørre om?
Bildet som eg sendte med er eit bilde som er godkjent av organisasjonen eg er hos til publikasjoner eksternt.