Hjem
Institutt for sosialantropologi
Nyhet

Reis til Bolivia neste høst

Visste du at du kan gjøre feltarbeid mens du er på utveksling? Institutt for sosialantropologi har to utvekslingsavtalar som er skreddersydd for bachelorstudentane våre. Den ene bilaterale avtalen er i Kina og den andre i Bolivia.

Bildet viser et bilde av La Paz i Bolivia

I samarbeid med Universitetet i Bergen tilbyr Universidad Mayor de San Andrés (UMSA) i La Paz eit haustsemesterprogram i antropologi, eit kurs som blei gjennomført første gang med norske studentar hausten 2006 i Guayaquil, Ecuador. Undervisninga er delvis på engelsk og delvis på spansk.

Undervisningsprogrammet har vokse fram frå eit tverrfagleg og internasjonalt forskingsprogram omkring utviklingsproblematikk og natur- og ressursforvaltning i kyst- og høglandsområder i Andes-regionen, der forskarar frå Universitetet i Bergen også er med. Hovudfokus på vil være på utviklingsantropologi og på natur og ressursforvaltning.

  • Cultural encounters and dis-encounters: La Paz and El Alto cities
  • Ethnicity and State in Bolivia
  • Guided visits: a field experience
  • ‘Vivir bien’ and ‘Madre Tierra’ : beyond development. Analysis and perspectives
  • Political ecology and development

I alle kursa får ein ein god del feltarbeidserfaring, noko som gjer kursa spesielt eigna som studium i siste året av bachelorutdanninga, om ein ønskjer å planlegge eit mastergradsprosjekt parallelt.

Ordinær undervisning starter i september. Semesteret gir totalt 30 studiepoeng (ECTS). Kurset er førehandsgodkjente av Universitetet i Bergen.

Om du syntes dette så interressant ut sjølv om du ikkje er sosialantropologistudent – fortvil ikkje – det er studentar i bachelorprogramma for utviklingsstudiar og sosialantropologi som blir prioriterte, men kvart år er det studentar frå andre institutt som deltek. Er du interessert i urfolksspørsmål, i Sør-Amerika, i teoriar om land, økologi eller utvikling er du velkommen til å søke!

 

Her kan du lese om hvordan en av geografistudentene har hatt det i Bolivia.