Hjem
Administrativt utviklingsprosjekt ved MN-fakultetet

Hovedinnhold

Eg vil bidra til gode prosessar i gjennomføringsfasen

Hvilke forventninger har du til det administrative utviklingsprosjektet ved MN-fakultetet?

 

MN-fakultetet har allereie ein dyktig og effektiv administrasjon, samtidig er den sårbar. Eg har forventningar til at prosjektet bidreg til at vi får ein meir robust og bærekraftig administrasjon, der vi jobbar endå meir i fellesskap enn i dag. Når vi no har ein grundig gjennomgang av den samla administrasjonen på fakultetet, samtidig som UiB sentralt går gjennom sine tenester, har eg forventningar til at vi skal få utnytte dei samla ressursane vi har på alle nivå i organisasjon endå betre enn i dag. Vidare håpar eg at vi etter prosjektet får endå betre samhandling på tvers av heile administrasjon, i grenseflatene mellom økonomi, personal/stab, forskingsadministrasjon og studie, mellom institutt/fakultet/sentralt og mellom institutta og sentra.

 

Hvordan ønsker du å bidra i prosjektet?

 

Eg har vore i permisjon i første fase av prosjektet, men har følgd litt med frå sidelinja. Framover vil eg bidra til gode prosessar i gjennomføringsfasen.

 

Hva er viktig for at vi skal lykkes?

 

For at vi skal lukkast trur eg det er viktig at vi har felles forståing for kor vi er i dag, og har felles mål for kor vi ynskjer å vere i framtida. Vidare er eigarskap til prosessen og inkludering viktig. Slik eg ser det er det eit stort engasjement til prosjektet og mange som bidreg aktivt, det er bra!