Hjem
Administrativt utviklingsprosjekt ved MN-fakultetet

Hovedinnhold

Dei som bidreg må føle seg både hørt og sett – og ikkje minst tekne på alvor!

Hvilke forventninger har du til prosjektet vårt?

Eg har jobba relativt kort tid ved fakultetet, men på den tida eg har vore her har eg blitt svært imponert over den velfungerande studieadministrasjonen og samarbeid på tvers av institutt (alle) og fakultet.  For meg ser det ut som at årsaken til at studieadministrasjonen fungerer så godt som den faktisk gjer, er at den er dynamisk og tilpassingsdyktig og imøtegår nye utfordringar og endringar så godt den kan. Men også vi på studiesida kan bli endå betre, og har klare intensjonar om å bli det! Eg forventar at prosjektet vil kunne bidra til at alle delar av administrasjonen vil kunne få eit løft med betre arbeidskvardag og god arbeidsflyt.

 

Hva er spesielt viktig i den fasen vi nå går inn i?

Det er svært viktig å få med seg motiverte tilsette både i planlegging, gjennomarbeiding og implementering av eit slikt prosjekt. For å få til dette, må dei som bidreg (har følelsen av at alle har vore involert på eit eller anna tidspunkt og nivå) føler seg både hørt og sett – og ikkje minst tekne på alvor. Opplever vi eigarskap til ein prosess, kjenner vi oss inkludert. No nærmar vi oss gjennomføringsdelen, då tenker eg informasjon er viktig. Dessutan blir det nok viktig at folk ser at det skjer noko, at det blir nokre konkrete resultat. 

 

Hvordan kan du å bidra i prosjektet?

Eg var ikkje involvert i prosessen før etter jul, då deltok eg på Solstrand i arbeidsgrupper. Elles prøver eg å stille med opent sinn og positiv innstilling til endringar. Omverda og forutsetningane rundt ein administrasjon er jo i stadig endring, så vi må organisere oss slik at vi klarer å utføre jobben vår i takt med behova.  Eg har vore gjennom iallfall fire omstillingsprosessar av litt ulike karakterar siste 7 åra ved min førre arbeidsplass ved UiB, så eg er i grunnen vant til slike pågåande prosessar.