Hjem
Administrativt utviklingsprosjekt ved MN-fakultetet

Hovedinnhold

Vi arbeider alle for dei same måla

Hvilke forventninger har du til prosjektet vårt?

No har vi kome til fase II av prosjektet, og mange av mine forventingar til fase I er allereie oppfylt. Vi har gjennom tilbakemeldingar frå administrasjonen, vitskapleg tilsette og studentar fått ei god oversikt over styrker, utfordringar og forbetringspotensiale i det administrative arbeidet. Dette gav oss grunnlag til å arbeide fram forslag og tiltak for å utnytte styrkene, møte utfordringane og bli betre. Eg forventar no at vi held fram eit godt utviklingsarbeid, at vi vert meir effektive og enno betre på samarbeid. Og sjølvsagt at vi klarar å iverksette tiltaka.

 

Prosjektet har og vore viktig for å minne oss på at vi alle arbeider for dei same måla – uavhengig av kva stillingstype vi har på MN.

 

Hva er spesielt viktig i den fasen vi nå går inn i?

Å gjere ord om til handling. Vi må halde fram utviklingsarbeidet – og gjennomføre og iverksette. Vi må og vere gode kollegaer for kvarandre – sørge for at alle blir godt ivaretekne i ei tid med mykje endringar.

 

Hvordan kan du å bidra i prosjektet?

Som gruppeleiar for studie- og forskerutdanningsgruppa og medlem av prosjektgruppa har eg vore aktivt med på prosessen så langt, og vil halde fram med det.  Eg vil vere med på å jobbe vidare med tiltaka og engasjere meg i utviklingsarbeid.