Hjem

Institutt for biovitenskap (BIO)

Nyheter

Ein alge-øl, takk!

Kanskje får vi i framtida grønt øl, alge-loff og sunnare fiskefôr med algar som erstatning for fiskemjøl og soya?

algae_tubes_closeup_wide_format.jpg

Nærbilete av røyr med grøn algemasse frå UiB sin algepilot på Mongstad.
Foto:
Jeroen De Vree

Algae2Future-prosjektet, eit konsortium av norske og internasjonale forskearar og industripartnarar (leia av NIBIO i Ås) vil revolusjonere norsk mat- og fiskeoppdrettsindustri og forskar på korleis mikroalger kan bli brukte i desse industriane i framtida. Kan det vere starten på eit nytt norsk industrieventyr? Algane dei bruker i brød og fiskefôr er produserte ved Nasjonal algepilot Mongstad (NAM), der Institutt for biovitenskap ved UiB har det faglege ansvaret.