Hjem

Institutt for biovitenskap (BIO)

Open dag 2019

– Er det nokre spørsmål?

Moglegheitene for å pirre nysgjerrigheita var godt til stades for dei besøkande elevane på Open dag 2019.

Neste
Open dag bio 2019
Foto:
Andreas H. Opsvik/UiB
1/11
UiB Bio Open dag 1
Foto:
Andreas H. Opsvik/UiB
2/11
UiB Bio Open dag 2
Foto:
Andreas H. Opsvik/UiB
3/11
UiB Bio Open dag 3
Foto:
Andreas H. Opsvik/UiB
4/11
UiB Bio Open dag 4
Foto:
Andreas H. Opsvik/UiB
5/11
UiB Bio Open dag 5
Foto:
Andreas H. Opsvik/UiB
6/11
UiB Bio Open dag 6
Foto:
Andreas H. Opsvik/UiB
7/11
UiB Bio Open dag 7
Foto:
Andreas H. Opsvik/UiB
8/11
UiB Bio Open dag 8
Foto:
Andreas H. Opsvik/UiB
9/11
UiB Bio Open dag 9
Foto:
Andreas H. Opsvik/UiB
10/11
UiB Bio Open dag 10
Foto:
Andreas H. Opsvik/UiB
11/11
Tilbake

– Og, ja: Er det nokre spørsmål?

Variantar av dette vart spurt utallege gongar på Open dag, den 21. januar. På mange av utdanningsinstitutsjonane i Bergen fekk vidaregåande-elevar ta turen til institutt, senter og fakultet dei var interesserte i som framtidige studievegar.

Og det var gode moglegheiter for svar på kva enn dei lurte på.

På UiB stod 65 arrangement i regi UiBs fagmiljøer tilgjengeleg for 2700 påmeldte, hovudsakleg frå vestlandet, men også andre delar av Noreg.

På institutt for biovitenskap fekk prospektive biologane først ein tur innom frø-laben, for ein kikk på forskar Anne Bjunes pollenfylte kvardag. Deretter såg dei på sebrafisk-laben og ei undersøking av ein levande sebrafisklarve i Jon Vidar Helvik og Ståle Ellingsens domene.

Turen vart så avrunda i Havlaboratoriet, der Ida Helene Steen og Mari Heggernes Eilertsen snakka om livet i jordas aller mest ekstreme omgivnader, på botnen av havet ved dei vulkanske kjeldene i Lokeslottet, før elevane gjekk vidare til andre potensielle framtider.

Dette er fjerde gongen Open dag har blitt arrangert, som eit samarbeid i Utdanning i Bergen – mellom Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Norges Handelshøyskole, Handelshøyskolen BI, VID vitenskapelige høgskole, og NLA Høgskolen.