Kom på informasjonsmøte om utveksling til University of California, Berkeley!
Kunne du tenke deg utveksling til University of California, Berkeley i løpet av graden din? Kom på informasjonsmøte i seminarrom K1/K2 i Biologen torsdag 3. oktober for å få vite meir.
Hovedinnhold
Carina Galicia frå University of California, Berkeley i USA vil fortelje om korleis det er å vere utvekslingsstudent v/UC Berkeley, vise emnetilbodet i biologi og molekylærbiologi, og svare på spørsmål frå dykk. Vi håpar du vil komme, også om du tenker på å reise på utveksling seinere i studieløpet.
Møtet er tilpassa studentar på bachelorprogrammet i biologi, molekylærbiologi og integrert master i havbruk (siving.).
UC Berkeley er eit av dei beste universiteta i verda og gjennom historia har ei lang rekke Nobelprisvinnarar forska og undervist ved UC Berkeley.
Tid: torsdag 3. oktober, kl. 12:15
Stad: seminarrom K1/K2, 1. etg., A-blokk, Biologen
Det blir gratis kaffe og snacks!