Hjem
Institutt for biovitenskap (BIO)

Jone Bjelland – Sterling White Halibut

Hovedinnhold

Studietida er ein god tid til å skaffe seg erfaringar og kontaktar innanfor fagfeltet ein studerar. Eg vil råde studentar til å prøve å få seg relevant sommar-/deltidsjobb noko som gjer at ein får ei betre forståing av fagfeltet ein studerer

Navn: Jone Bjelland

Nåverande jobb: Ansatt, Sterling White Halibut

Utdanning: Bachelor i havbruksbiologi og mastergrad i havbruksbiologi

Kva gjer du no?
Jobbar i oppdrettsselskapet Sterling White Halibut. Sterling White Halibut produserer heile produksjonslinja av kveite frå stamfisk til slakteklar fisk. Selskapet har eit klekkeri og fleire påvekst anlegg (både landbaserte og sjøbaserte) i Norge.

Arbeidsoppgåvene mine er knytt til utvikling av produksjons teknikkar for å forbetre produksjonen. Eg deltar og i dagleg drift av anlegga til tider.

Kva er du mest fornøyd med i jobben din? 
Spennande jobb der eg får bruke utdanninga mi. Ein møter mange biologiske og praktiske utfordringar som ein må prøve å finne løysingar på. Eg har og mange kjekke arbeidskollegar. Kveite er ein fantastisk fisk å jobbe med.

Kva relevans har det du har lært ved BIO og UiB for deg i den jobben du no har?

Gjennom utdanninga mi på BIO har eg fått ei grunnleggande forståing for biologiske prinsipp og kultivering av vannlevande organismar. Masteroppgåva var og retta mot den jobben eg har i dag. 

Har du tips/råd til dei som studerer no ut frå dine erfaringar?

Studietida er ein god tid til å skaffe seg erfaringar og kontaktar innanfor fagfeltet ein studerar. Eg vil råde studentar til å prøve å få seg relevant sommar-/deltidsjobb noko som gjer at ein får ei betre forståing av fagfeltet ein studerer. I tillegg er det ein fordel med praktisk erfaring når ein skal søka på jobbar etter endt utdanning. Eg hadde og god erfaring med å delta på konferansar innanfor fagfeltet. Her kan ein få nye kontaktar og lære om utviklinga i fagfeltet.

Kva minner har du frå studietida på BIO? 
Eg har mange gode minner frå studietida, spesielt det gode studiemiljøet oss studentar i mellom. Har og mange gode minner frå faga eg har tatt og ikkje minst masteroppgåva. Sjølv om det var krevjande til tider fekk eg muligheten til å sette meg inn i problemstillingar eg var interessert i.

Kva skreiv du masteroppgåve om?

Tittel på oppgåva mi var: Survey of factors affecting survival, growth and quality of egg and yolk-sac larvae of cultivated Atlantic halibut (Hippoglossus hippoglossus L.) in a commercial hatchery.

Oppgåva blei gjort i samarbeid med oppdrettsselskapet Sterling White Halibut som eg jobbar for i dag. Prosjektet blei gjennomført på deira klekkeri og målet var å kartlegge korleis ulike faktorar påverka dødligheten i egg/plommesekk perioden.