Hjem
Institutt for biomedisin
News

3,7 millioner til Lars Herfindals kreftprosjekt

Kreftforeningen gir 23,5 millioner kroner til kreftforskning i Bergen, og av dette får forsker Lars Herfindal ved Inst. for biomedisin 3,7 millioner over 4 år.

Generalsekretær Anne Lise Ryel i Kreftforeningen er glad for å kunne gi friske millioner til Lars Herfindal og de øvrige kreftforskerne på UiB. - Tidligere overlevde bare en av tre nordmenn som fikk kreft. Takket være forskningen overlever nå to av tre, sier Ryel.
Foto/ill.:
Eivind A. Pettersen

Hovedinnhold

Nano-medisin for å betra kreftbehandling

Behandling av kreft med cellegift står overfor fleire fundamentale problem. Det gjeld både toksiske bieffektar av cellegifta, at kroppen kvittar seg med cellegifta, eller at cellegifta ikkje når fram til kreftcellene. Herfindal vil nytta nano-formuleringar for å omgå dette, og tek sikte på å nytta tre tilnærmingar for å løysa problema: 

1. Målretta behandling av akutt myelogen leukemi (AML). Me vil identifisera overflatemolekyl som er uttrykt i AML. Ved å kle nanopartiklane med antistoff mot desse overflatemolekyla kan me styra legemiddelet til kreftcellene.  

2. Auka sirkulasjonstid til cellegifter. Ved å inkorporera cellegifter i nanoformuleringar er det mogeleg å auka injiserbar dose utan å få auka bieffektar.  

3. Auka akkumulering av cellegift i svulst. Her vil me manipulera blodkar og omkringliggande vev slik at me får auka opptak av cellegift-berande nanoformuleringar i svulsten.  Klarar han desse oppgåvene vil han kunna betra behandling av kreftformer som ikkje kan opererast.


Les mer i På Høyden


Lars Herfindal i Vestlandsrevyen, NRK, 22.11.2013