Gjesteforelesning av sir Brian Hoskins
Hovedinnhold
Den 19. mars inviterer vi til gjesteforelesing av professor sir Brian Hoskins. Hoskins er rekna for å vere ein av dei leiande forskarane i meteorologi i dag. han er professor i meteorologi ved Universitetet i Reading og er direktør for Grantham Insitute of Climate Change ved Imperial College of London. Hoskins er også medlem av UK Committee on Climate Change, eit rådgjevande organ for britiske styresmakter.
Forelesinga er i samband med 150 års jubileet for Vilhelm Bjerknes. Hoskins vil halde foredraget:
«The fingerprints of Vilhelm Bjerknes on modern climate science»
klokka 10.15 i VilVite auditorium, Vitensenteret
Les meir om Hoskins og Vilhelm Bjerknes 150 årsjubileum her
06.03.2012
