Kontaktinformasjon
UiBs Brusselkontor ligg i hjarte av det Europeiske kvarter i Brussel, Belgia.

Hovedinnhold
Lokasjon og transport moglegheiter
Brusselkontoret ligg på Rue Guimard 9, 1000 Bruxelles.
Det er lett å komme seg rundt til fots i Brussel. Kontoret ligg kunn 15 minuttar frå Sentralstasjonen, kunn 10 minuttar frå EU-kommisjonen og 5 minuttar frå EU-parlamentet. Byen er og utrusta med bysyklar og el-sparkesyklar ein kan leige for å kome seg dit ein skal.
Ein kan og reise til kontoret frå sentralstasjonen ved å ta metroen, det tar ca. 10 minuttar. Det nærmaste metro-stoppet heiter Arts-Loi/Kunst-Wet. Alt i Brussel har to namn, eit fransk namn og eit nederlandsk namn.
Å reise til kontoret frå Brussel Flyplass-Zaventem kan gjerast via både tog og buss, og tar rundt 40 minutter og 60 minutter. Den nærmaste togstrasjonen er Bruxelles-Schuman og det nærmaste busstoppet er Troon.
Brussel sentralstasjon til UiB kontoret
- Ta metrolinje 1 i retning mot Stockel eller linje 5 mot Herrmann-Debroux (desse går frå same perrong)
- Gå av på stopp nr. 2 (Arts-Loi/Kunst-Wet)
- Følg Avenue des Arts til andre vegkryss til venstre
- Ta til venstre inn på Rue Guimard
- Kontoret ligg til venstre etter overgangsfeltet
Brussel flyplass-Zaventem til UiB kontoret med tog
- Ta toget i retning Dinant, avganger kvart 30. minutt
- Gå av på det andre stoppet, Bruxelles-Schuman
- Når du forlater togstasjonen, hold til høgre på Bd. Charlemagne
- Ta til høgre i første kyss inn på Rue de la Loi
- Etter ca. 7 minutter, ta til ventre inn på Rue du Commerce
- Kontoret ligg på venstre sider etter det første overgangsfeltet
Brussel flyplass-Zaventem til UiB kontoret med buss
- Ta busslinje 12 i retning mot Brussel City, avganger kvart 15. minutt
- Gå av bussen på det sjuande stoppet - Troon
- Gå nedover Rue du Luxembourg
- Ta første til venstre, inn på Rue du Commerce
- Følg Rue du Commerce i ca. 5 minutt
- Kontoret ligg på høgre side attmed det tredje overgangsfeltet
Linje 12 sluttar å gå etter 19:50, og du vil då måtte ta linje 21 i staden som er betydeleg lenger.
Å komme seg rundt i Brussel med bil - Taxi og Uber
I Brussel er det to taxiselskap verdt å merke seg. Begge desse vil kunne ta deg rundt i byen, i tillegg til fram og tilbake frå flyplassen. Vi anbefaler å alltid spør taxi-sjåføren om dei aksepterer VISA og/eller Mastercard før du kjører.
- Taxi Verts: +32 (0)2 349 49 49
- Taxi Bleu: +32 (0)2 268 0000
Uber kan nyttast gjennom Uber-appen som du lastar ned på telefonen din, ein ganske så populær metode for transportering i BRussel og kan ta deg til kontoret frå flyplassen for ca. 25 euro.