Hjem
Centre for Cancer Biomarkers
Helga Salvesen minnesymposium

Stort oppmøte til minnesymposium

14. september vart det halde minnesymposium for Helga B. Salvesen, kreftforskaren ved Centre for Cancer Biomarker som gjekk bort i januar i år. Til det faglege symposiet kom folk frå fjern og nær til Haukeland.

eit fullspekka auditorium
Foto/ill.:
CCBIO

-Det er både vondt og godt på same tid, seier professor Jone Trovik ved Klinisk institutt 2. Ho er no ansvarleg for koordinering av forskingsgruppa til Salvesen.

-Men det er flott å sjå at det viktige arbeidet ho starta lever vidare. Helga betydde mykje for oss alle, både i norske og internasjonale forskingsmiljø, fortel Trovik.

Helga Salvesen og gruppa hennar var leiande på forsking innan gynegologisk kreft, og sto for fleire viktige forskingsresultat i dette feltet. 

-Vi ville arrangere dette symposiet til minne for Helga Salvesen og arbeidet hennar, fortel leiar av CCBIO, Lars A. Akslen.

-Programmet hadde fokus på nye studier av gynekologisk kreft og brystkreft innan biomarkør-feltet. Dette er eit felt som stadig lærer oss meir om kreft og korleis vi kan kjempe mot sjukdommen – men det er også utruleg komplekst. Difor treng vi framifrå, hardt arbeidande forskarar, og mange av dei var her i dag. Vi vart også veldig klar over kor viktig det er med gode samarbeid og det å jobbe i nettverk med andre, fortel Akslen vidare.

Stor interesse

Dei mange oppmøtte fekk mykje fagleg påfyll gjennom dagen. Fleire internasjonale toppnamn hadde kome til Bergen denne septemberdagen, mellom andre Ate van der Zee frå Groningen universitet i Nederland, professor Hani Gabra frå Imperial University London og professor Inger Thune frå Universitetet i Oslo.

-Det faglege innhaldet var veldig spennande, meiner Jone Trovik. -For min del var det ekstra interessant å høyre på professor og overlege Inger Thune ved Oslo Universitetssjukehus. Ho fortalte om energimarkørar og kva metabolske endringar kan bety for risiko og progresjon av brystkreft.

Professor ved Institutt for biomedisin, Aurora Martinez, var glad for å vere på symposiet. 

-Det var svært fint å vere her, ikkje minst for å sjå kva Helga har betydd for så mange. Det var sterkt. 

-Dagen i dag var inspirerande. Gjennom arbeidet til Helga så var ho mange unge forskarar sitt førebilete, og dette viste godt igjen gjennom heile dagen, sa Lars A. Akslen.