Hjem
Centre for Cancer Biomarkers
Fripro-midler

Mobilitetsstipend til CCBIO-postdoc

Nær ein milliard kroner blir delt ut i Fripromidlar i år, mellom anna til unge forskartalent, og til mobilitetsstipend. Kreftforskar Agnete Engelsen ved CCBIO og Institutt for Biomedisin er ei av dei som får støtte.

Agnete Engelsen and James Lorens involved in lab work.
Agnete Engelsen and group leader James Lorens in the laboratory.
Foto/ill.:
Ingvild Festervoll Melien

Dette fortel På Høyden i ein artikkel 8. desember.

Innan fagområda Innenfor fagområdene medisin, helse og biologi (FRIMEDBIO) og matematikk, naturvitenskap og teknologi (FRINATEK) er det delt ut 32 stipend til unge forskartalent og 10 mobilitetsstipend. Sju av desse går til UiB-forskarar. I snitt får dei unge forskartalenta 7,5 millionar kroner kvar, medan mobilitetsstipendet er på om lag 3,3 millionar kroner.

Målet med mobilitetsstipenda er at talentfulle forskarar skal lære seg å bli sjølvstendige forskingsleiarar gjennom to års opphald ved ein utanlandsk institusjon, å publisere saman med andre enn sin vegleiar, og på denne måten bli betre kvalifisert til å søkje ERC i neste omgang.

Overraska vinnar

 Då På Høyden ringte for å snakka med Agnete Engelsen var det ei lettare sjokka stemme som svarte i andre enden. 

– Er det sant? Har eg fått stipendet?

Engelsen, som var på kurs i London, sleit med å halda tårene tilbake då det gjekk opp for ho at ho hadde fått stipend.

– Eg hadde ikkje høyrd noko endå, så eg trudde kanskje at eg ikkje kom til å få det.

Det er tydeleg at stipendet betyr mykje for den unge kreftforskaren.

– Eg blir heilt rørt. Eg brenn så sterkt for denne forskinga. Stipendet gjev meg moglegheit til å reisa ut til dei fremste i verda på dette feltet, og læra meg dei metodane som er nødvendige for å gjera framsteg, og eg får ei verdifull erfaring som eg kan ta med heim. I det lange løp kan dette få mykje å bety for kreftpasientane. Når ein har så stor tru på det ein driv med, så betyr det mykje å få dei pengane og kunna halda fram med arbeidet, seier Engelsen. 

Betre verknad av immunterapi

Engelsen jobbar med å forstå korleis epitelial plastisitet - altså at kreftcellene er i stand til å endre både form og eigenskapar som følgje av stress og skiftande miljø rundt kreftcellene - bidrar til å gjera kreftcellene resistente mot behandling. Ho og kollegaane hennar ønsker å kartlegga korleis denne evna til å stadig forandra seg etter behov og stress i kreftcellene sitt nabolag, gjer kreftcellene mindre mottakelege for angrep frå immunceller.

– Me har nettopp fått oppleva ein revolusjon innan kreftbehandling, og nye medikament som kan aktivera immunsystemet til å angripa kreftcelle har nådd ut til pasientane. Dei nye medikamenta verkar likevel berre på ein liten del av pasientane, og det er framleis veldig mykje av kompleksiteten i samspelet mellom kreftceller og immunceller me ikkje forstår. Det er eit stort håp knytt til dette med å aktivera immunsystemet til å angripa kreftcellene, både med nye medikament og også med å betra kombinasjonar med den tradisjonelle kreftbehandlingen. Men me har framleis ein lang veg å gå med å finna ut kvifor dette ikkje verkar på alle pasientar.

Skal forskar i Paris

Med mobilitetsstipendet får forskarane vera to år ved ein forskingsintitusjon i utlandet, og eitt år heime. Engelsen planlegg å reisa til kreftsenteret Gustave Roussy i Paris, for å læra seg nye metodar.  

– Våre samarbeidspartnarar ved Gustave Roussy har svært gode modellar for å studere akkurat dette i detalj. I vår vidare forsking ønsker me å kartlegga desse mekanismane og finna nye angrepspunkt i cellene. Ei grunnleggande forståing av den komplekse biologien er heilt avgjerande for å kunne gjera vidare framsteg i klinikken, og vårt mål er at det me gjer skal komma kreftpasientane til gode.

Vi gratulerer Agnete!