Hjem
Centre for Cancer Biomarkers
CCBIOs forskarskule / Neuro-SysMeds forskarskule

CCBIONeur910: Brukarmedverknad i medisinsk og helsefagleg forsking

Kurset er laga for å tilrettelegge for brukarmedverknad i medisinsk og helsefagleg forsking, og vil mellom anna vise metodar i å involvere pasientrepresentantar. Dette er i høgste grad aktuelt for alle biomedisinske forskingsfelt. Pasient- og brukarmedverknad har ein dokumentert positiv verknad på relevansen og effekten av medisinsk forsking. 

Doctor discussing with a patient.
Foto/ill.:
Colourbox.com

Hovedinnhold

Hovudføremålet med kurset er å utvikle deltakaren si emne til å vurdere og formidle meirverdi av brukermedverknad og igangsette konstruktiv brukarmedverknad i eigne forskingsprosjekt. Kurset gjev kunnskap om bakgrunnen for innføring av brukarmedverknad i medisinsk og helsefagleg forsking, og om korleis brukermedverknad er dokumentert å påverke medisinsk og helsefaglig forsking, gjennomføring av kliniske studiar og bruk av forskingsresultatar. Det gjev også kunnskap om forskaren sitt ansvar for at brukermedverknad vert integrert i heile prosessen i eit klinisk forskingsprosjekt – frå planlegging til prosjektgjennomføring og publikasjon, kjennskap til brukarorganisasjonar og lokale brukarutval si rolle i rekruttering og ev. opplæring til brukermedverknad i forsking.

Nina Jebsen (CCBIO), Kjell-Morten Myhr (Neuro-SysMed) og Tone Skår (Neuro-SysMed og VIS) har fagleg ansvar for kurset. Kurset er eit samarbeid mellom CCBIO og Neuro-SysMed etter initiativ frå Neuro-SysMed, då dei har eit tydeleg fokus på pasientmedverknad i aktivitetane sine.

Administrative koordinatorar er Pål Tore Bentsen frå CCBIO og Hilde Norborg frå Neuro-SysMed.

Kurset går over tre dagar (3.-5. nov. 2021), og utgjerast av førelesingar, gruppearbeid og diskusjonar, med presentasjonar frå nasjonale og internasjonale føredragshaldarar.

Med på laget har vi blant andre UiB-professor Bettina Husebø og hennar medforskar og brukarrepresentant Rune Samdal, tidlegare leiar av UK NIHR National Director for Patients Simon Denegri, samt professor i vitskapsteori Roger Strand.

Undervisingsspråk er norsk med enkelte innlegg på engelsk.

Når: 3.–5. november 2021

Stad: Undervisingrom i Eitri-senteret på Haukeland Universitetssjukehus.

Program: Sjå programmet her.

Registrering: Tilgjengeleg for registrering i Studentweb frå 1. juli med frist 5. september. Registrer deg i Studentweb dersom du allereie har gyldig studentstatus ved UiB. Dersom du ikkje er student ved UiB, og ønskar studiepoeng, registrerar du deg gjennom Søknadsweb, der du på same tid søkjer om gjestestudentstatus ved UiB (også frist 5. sept.). 

Tilgjengeleg for deltaking utan studiepoeng: Ja, for eit antal av pasient- og brukarrepresentantar. Eiga registreringslenke vil verte tilgjengeleg for pasientorganisasjonane.

Ingen avgift/gebyr.

Studiepoeng: 2 ECTS.

Les meir på studentsidene.