Hjem
Centre for Cancer Biomarkers
Arrangement

Kvinneklinikkens forskingsdag

Den 20.oktober arrangerer Kvinneklinikken forskingsdag saman med Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen. Du er invitert og kan delta enten med presentasjon av eige prosjekt eller som publikum.

Main entrance of the Women's Clinic
Foto/ill.:
Helse Bergen

Hovedinnhold

Kvinneklinikken inviterer til forskingsdag og har også med Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen, den 20. oktober 2021 kl. 12–16. Det blir påfølgande kveldsprogram i Litteraturhuset frå klokka 18. 

Fødselshjelp og kvinnesjukdommar engasjerer breidt, og vi ønsker å fortelje alle interesserte kva vi forskar på, kvifor, kva resultata seier og korleis vi kan bruke ny kunnskap. 

Stad for programmet på dagtid: Bikuben på Haukeland Universitetssjukehus

Program: via denne lenka.

Påmeldingslenkehttps://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=7928880

Det blir presentasjonar av forsking og fagutviklingsprosjekt som er knytta til alle avdelingar og yrkesgrupper ved Kvinneklinikken. Vi fortset med fokus på kvinnehelse i eit arrangement med spennande paneldebatt og prisutdeling på Litteraturhuset frå klokken 18 (eiga påmelding via lenka over).

Målet med dagen er å få vise kva for prosjekt som foregår på Kvinneklinikken, bli betre kjent med kvarandre og stimulere til framtidig samarbeid om forsking og fagutvikling.

På grunn av servering og organisering mtp smittevern i Bikuben treng vi publikumspåmelding anten til første pulje klokka 12–14 eller andre pulje 14:05–16.

Velkomen!