Hjem
Centre for Cancer Biomarkers
Kurs

CCBIONEUR911 – Kurs om kliniske studiar 2026

Kurset er laga for å førebu deltakarane på korleis ein utfører kliniske studiar på menneske. Modulene i kurset er basert på Good Clinical Practice (GCP) og deltakarane vil motta GCP R3-sertifikat etter fullført kurs.

Speaker on stage, in front of a room fiull of course participants.
Foto/ill.:
CCBIO, Karen Rosnes Gissum

Hovedinnhold

Kliniske studiar er forsking som blir utført på menneske for å vurdere éin eller fleire medisinske, kirurgiske eller åtferdsrelaterte behandlingar. Slike studiar er hovudmetoden vi brukar for å finne ut om ei ny behandling er trygg og har ønska effekt. Når det gjeld kreft og nevrologiske sjukdommar, handlar dei fleste studiar om å samanlikne den beste behandlinga vi har i dag, med nye og kanskje betre metodar. Men det blir òg stadig fleire studiar som ser på korleis vi kan oppdage sjukdommar tidlegare, hindre at sjukdommen kjem tilbake, eller gjere livet betre for dei som har hatt sjukdommen. Det finnast no kliniske studiar for nesten alle større sjukdommar, og stadig fleire kjem til.

Line Bjørge (CCBIO) og Christopher Elnan Kvistad (Neuro-SysMed) er ansvarlege for kurset, som er eit samarbeid mellom CCBIO og Neuro-SysMed. 

Kurskoordinatorane er Kjersti Tefre Davidsen (CCBIO, kjersti.tefre.davidsen@helse-bergen.no) og Gard Johanson (Neuro-SysMed, gard.johanson@uib.no).

Når: 14.–16. januar 2026

Stad: Vil bli annonsert (campus Haukeland universitetssjukehus)

Emner i kurset (på engelsk, ettersom undervisingsspråket er engelsk):

  • What is a clinical study?
  • Study design
  • The pharmaceutical company perspective
  • The patient's perspective
  • Ethics
  • GCP overview and concepts
  • Introduction to GCP R3 with key updates from GCP R2
  • Practical running of a clinical trial
  • Formalities and regulations
  • Writing a protocol
  • Applications and funding
  • Contracts
  • Translational research protocols
  • Clinical trials as part of normal clinical operations
  • Success factors
  • Clinical trials in the future

Program: Sjå det førebels programmet her.

Påmelding: Frist for påmelding med studiepoeng-registrering er 1. januar 2026. Dersom du allereie er student ved UiB, søkjer du om deltaking gjennom Studentweb

Tilgjengeleg for ikkje-studentar: Ja, alle som treng eit Good Clinical Practice (GCP)-sertifikat, og som ikkje treng studiepoenga, kan også delta. I så fall nyttar du denne koplinga for å søkje om deltaking. Fristen er 5. januar, men påmeldinga kan bli stengd tidlegare ved fullbooka kurs, som ofte er tilfelle med dette kurset.

Åpen for alle, ingen kursavgift.

Studiepoeng: Godkjent for 2 ECTS.

Les meir på studentsidene.