Hjem
Centre for Cancer Biomarkers
kryoimmunterapi mot kreft

10 millionar i støtte til BTO-prosjektet CryoIT

BTO-prosjektet CryoIT har fått 10 millionar kroner i FORNY2020-støtte frå Forskingsrådet. Prosjektet vil utvikle ei ny form for immunterapi mot prostatakreft, som også kan endrast for å behandle fleire typar kreft. Prosjektet høyrer til hos Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen.

Kryoimmunterapi-teamet i gang i operasjonssalen.
Cryoimmunotherapy at Haukeland University Hospital. Dr. Duke Bahn, Prostate Institute of America, Ventura, California, USA (second from left) is an international expert on focal cryoablation of the prostate. Dr. Bahn has trained the team at the Department of Urology, Haukeland University Hospital; from left: Andrine Sandøy, Duke Bahn, Bjarte Almås, Christian Beisland, Alfred Honoré, Jannicke Frugård and May Opsal.
Foto/ill.:
Karl-Henning Kalland

Prostatakreft-gruppa ved Klinisk Institutt 2, Universitetet i Bergen og Haukeland Universitetssjukehus har initiert og organisert cryoimmunterapistudien (CryoIT). Det er professor Karl-Henning Kalland, professor Bjørn Tore Gjertsen og Anne Margrete Øyan som står bak prosjektet. Både Karl-Henning Kalland og Bjørn Tore Gjertsen er Principal Investigators i CCBIO. Christian Beisland, avdelingssjef Urologisk avdeling (HUS) er Principal Investigator for Fase I Klinisk utprøvning.

Det er oppretta eit firma, Alden Cancer Therapy II (ACT II), som eig lisensen til behandlingsprotokollen og er sponsor for den utprøvande CryoIT behandlinga. Bergen Teknologioverføring er største eigar av ACT II på vegne av Helse Bergen og UiB. Forskarane er også medeigarar i selskapet. 

Teamet er godt i gang med Fase I Klinisk Utprøving av CryoIT mot prostatakreft. Utprøvinga starta i 2015, og inkluderer 20 pasientar med prostatakreft med metastasar. Forskingsbiobank tilknytt studien gir verdifullt forskingsmateriale for avansert måling av immunresponsen hos pasientane, og er eit grunnlag for utvikling av neste generasjons immunterapi. Finansieringa skal brukast til vidareutvikling av behandlingsmetoden, samt ein meir omfattande analyse av behandlingsresultata. 

 

Norsk-amerikaneren Haakon Ragde, no pensjonert urolog, har utvikla cryoimmunterapien i Seattle, USA. Les meir om Ragde og samarbeidet med Haukeland Universitetssjukehus i artikkel i Bergens Tidende.