Hjem
Senter for digitale fortellinger
Exhibition

Game Poems of Place and Encounter

Jordan Magnuson, Fulbright ved digital kultur 2024-2025, viser fram eit lite utvalg av sine verk.

A projection of Jordan Magnuson's work, "The Kindness of Strangers" (2011)
Foto/ill.:
Jordan Magnuson

Hovedinnhold

«Game Poems of Place and Encounter» inneheld tre korte dataspelverk frå perioden 2011 til 2024 som utforskar aspekt ved stad og møte gjennom enkle spelkomponentar og teknologi. Ved å unngå tradisjonelle spelkonvensjonar som raske reaksjonar, klare reglar og mål, og klassiske mekanikkar, til fordel for enkle, meditative opplevingar knytte til metafor, rituelt rom og rytme, plasserer desse verka seg som «dataspel-dikt» (Game Poems) – eit omgrep utforska i Magnusons bok Game Poems frå 2023.

Alle spela nyttar gange og forflytning som ein sentral spelmekanikk knytt til tempo, rytme og utforsking av stad. The Kindness of Strangers (2011) brukar ein klassisk labyrintstruktur, kjent frå mange dataspel, for å representere utfordringar og gleder ved å navigere gjennom ukjent terreng med hjelp frå framande ein møter på vegen. Som Magnuson reflekterte i 2011, nyttar dette verket foto og forteljarstemme for å fange den «særskilde teksturen» i hans daglege opplevingar då han reiste gjennom Taiwan for første gong. Som eit av Magnusons første eksplisitt autoetnografiske spel om å møte ein ny stad, la dette verket grunnlaget for seinare prosjekt av same slag, inkludert Magnusons noverande prosjekt med spel inspirert av opplevingar i Noreg – det første av desse er With Magnus to Norway.

With Magnus to Norway (2024) er ein dataspel-installasjon som nyttar gjenkjennelege 8-bits-estetikk og dansemattekontroller, og byggjer vidare på grunnlaget lagt i The Kindness of Strangers, samt fleire av Magnusons tidlege eksperiment med 8-bits «gåsimulatorar». Desse eksperimenta går tilbake til Flash-spelet Walk or Die frå 2010, og inkluderer spel som Everyone Forgets (2022), som òg er utstilt. Som med mykje av Magnusons arbeid, utfordrar desse spela den konvensjonelle spelnarrativen ved å nytenkje moglegheitene i tidleg spelteknologi. With Magnus to Norway inviterer deltakarar til å oppleve ei reflekterande, poetisk reise som aldri vart realisert i den tidlege konsollperioden: ein kontemplativ spasertur gjennom naturen med eit veksande barn, som samstundes er ei reise mot eit forfedreland.

Kort biografi

Jordan Magnuson er ein eksperimentell spelutviklar og ny mediekunstnar med særleg interesse for å bruke enkel dataspelteknologi til å skape alternative spelopplevingar. Jordan er for tida førstelektor i spel og mediekunst ved University of Southampton, og Fulbright-stipendiat i digital kultur ved Universitetet i Bergen for 2024–25.