Hjem
Norsk senter for kinesisk rett
Sommerskole

Maritime BERGEN Law Summer Programme

Etter å ha måtta utsetje sommarskulen i to år på grunn av pandemien ser det endeleg ut for at me kan arrangera den i 2022. Følg med på nettsida for meir og oppdatert informasjon om Maritime Bergen Law Summer Programme 2022!

Summer School-HD 1080p

Maritim næring har ei lang og stolt historie i Bergen og representerer Noregs mest globale kunnskapsklynge. På MBLSP får studentane ein introduksjon til ei rekkje rettsområde som er relevante for den maritime næringa.
Produsent:
Paulo Cesar Chavarria Serrano

Hovedinnhold

Om programmet

Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen tilbyr saman med Maritime Bergen, eit tre veker langt sommarprogram i Bergen. Sommarprogrammet gjev 5 studiepoeng. 

Bergen er Noregs maritime hovudstad og programmet gjev ein introduksjon til maritim rett i vid forstand.  Den maritime næringa er viktig for Noreg, og i tillegg representerer ho store moglegheiter for internasjonalt samarbeid på tvers av sektorar.  

Det juridiske fakultet er vertskap for programmet, og undervisninga føregår på engelsk og vert gjeve av både akademisk tilsette og ekspertar frå næringslivet.  

I løpet av det tre veker lange programmet er det undervisning på føremiddagane, og om ettermiddagane er det besøk til ulike offentlege institusjonar og private bedrifter innanfor den maritime næringa. Døme på bedrifter og institusjonar som er del av programmet er Sjøfartsdirektoratet, Wikborg|Rein, DNV GL og Bergen og omland hamnevesen

den engelske nettsida til sommarskulen finn ein det komplette programmet.

For fullstendig emneskildring, sjå https://www.uib.no/en/course/MBLSP-1

Internasjonal deltakelse

Maritime Bergen Law Summer Programme vert organisert for studentar frå nokre av Det juridiske fakultet sine partnarfakultet i Europa. I tillegg til å bidra til å styrka relasjonane mellom fakultetet og partnarane, er føremålet å gi internasjonale studentar ein introduksjon til eit rettsområde som har stor relevans for Norge, og langt utover dei norske landegrensene.

I tillegg deltek inntil 10 norske studentar på programmet. Forutan at også desse får ei innføring i maritim rett har dei norske studentane ein viktig funksjon som vertskap for dei internasjonale studentane. Programmet gjev også høve til at norske og internasjonale studentar får knyta kontakt med kvarandre og læra frå kvarandre om ein rettskultur som gjerne ligg fjernt frå den dei sjølv kjem frå.