Hjem
Norsk senter for kinesisk rett
Sommerskole - AVLYST

Maritime BERGEN Law Summer Programme - AVLYST

På grunn av korona-pandemien vert det naudsynt å avlyse årets sommarskule. Sommarskulen vert arrangert til neste år. Dette er ei utfordrande tid for oss alle. Me vonar alle våre samarbeidspartnerar, kollegaer, studentar og vener, både i Noreg og utanlands, er ved god helse.

Maritime Bergen Law Summer Programme

Maritim næring har ei lang og stolt historie i Bergen og representerer Noregs mest globale kunnskapsklynge. På MBLSP får studentane ein introduksjon til ei rekkje rettsområde som er relevante for den maritime næringa.
Produsent:
André Kvalvågnes

Om programmet

Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen tilbyr saman med Maritime Bergen og Senter for shipping og logistikk ved NHH  Economics, eit to veker langt sommarprogram i Bergen. Sommarprogrammet gjev 5 studiepoeng. 

Bergen er Noregs maritime hovudstad og programmet gjev ein introduksjon til maritim rett i vid forstand.  Den maritime næringa er viktig for Noreg, og i tillegg representerer ho store moglegheiter for samarbeid mellom kinesiske og norske bedrifter.  

Det juridiske fakultet er vertskap for programmet, og undervisninga føregår på engelsk og vert gjeve av både akademisk tilsette og ekspertar frå næringslivet.  

I løpet av det to veker lange programmet er det undervisning på føremiddagane, og om ettermiddagane er det besøk til ulike offentlege institusjonar og private bedrifter innanfor den maritime næringa. Døme på bedrifter og institusjonar som er del av programmet er Sjøfartsdirektoratet, Wikborg|Rein, DNV GL og Bergen og omland hamnevesen

den engelske nettsida til sommarskulen finn ein det komplette programmet.

For fullstendig emneskildring, sjå https://www.uib.no/en/course/MBLSP-1

Kinesiske universitet som deltek

Maritime Bergen Law Summer Programme vert oganisert for studentar frå nokre av Det juridiske fakultet sine partnarfakultet i Kina. I tillegg til å bidra til å styrka relasjonane mellom fakultetetet og partnarane i Kina, er føremålet å gi kinesiske studentar ein introduksjon til eit rettsområde som har stor relevans for både Kina og Noreg, og som er eit område der det pågår utstrakt næringslivssamarbeid mellom dei to landa.  

Sommarprogrammet skal også inspirera kinesiske jusstudentar til å velja å komma på utveksling til Bergen i eit semester eller to på eit seinare tidspunkt i studiet deira. 

I 2020 kjem det studentar frå følgjande universitet i Kina:  

  • Renmin University of China Law School
  • China University of Political Science and Law
  • Peking University Law School
  • Tsinghua University School of Law
  • Shandong University School of Law
  • Shanghai Jiao Tong University School of Law
  • City University of Hong Kong School of Law

Det er også mogleg for studentar frå Mitchelll Hamline i USA å delta. I tillegg deltek inntil 10 norske studentar på programmet. Forutan at også desse får ei innføring i maritim rett har dei norske studentane ein viktig funksjon som vertskap for dei kinesiske studentane. Programmet gjev også høve til at norske og kinesiske studentar frå knyta kontakt med kvarandre og læra frå kvarandre om ein rettskultur som ligg fjernt frå den dei sjølv kjem frå.